Finn informasjon om din eigedom

arealplaner.no finn du dei planane som gjeld for din eigendom.

Adressering

Kommunene er adressemyndighet og fastset offisielle adresser. Kommunen har ansvar for å iverksetja et adressesystem i kommunen og vedlikehalde dette gjennom tildeling av nye adresser, endringar og registrering av adresser i matrikkelen.

Informasjon på nettsida til Kartverket: Adresser i kommunen | Kartverket.no

Adressering

Kommunen kan endra adresser når det er nødvendig, til dømes når:

  • Adkomst blir endra
  • Ved fortetting av bustadområde
  • Når det er vanskeleg å finna fram

Forskrift om adresser

Dersom du ynskjer informasjon om navngjeving knytt til adresser i Sogndal kommune kan du lese meir om dette i forskrifta.

Oppretting av ny adresse

Adressenummer til nye bygg blir tildelt som ein del av di byggesak. 

Samanslåing av eigedom

Eig du to eller fleire eigedommar (matrikkeleiningar) i same kommune, kan du krevja å få dei slegne saman til éin eigedom.

For å kunne slå saman eigedommar må:

  • det vera same eigar på eigedomane.
  • samanslåing ikkje føre til prioritetskollisjon av hefter.

Dersom du ynskjer å slå saman eigedomar melder du det til kommunen via dette skjemaet: Krav om sammenslåing | Kartverket.no
KF skjema?

Klarlegging av grense

Grensepåvising er ei klarlegging av eksisterande grenser for eigedomen. Dersom grensemerka for eigedomen din er borte, og du ynskjer å få sett ned nye, eller du er usikker på kvar grensene for eigedomen din går, kan du be om grensepåvising. 

Kven kan be om klarlegging?

Eigar eller festar av eigedomen kan rekvirere grensepåvising.

Slik rekvirerer du

Fyll ut skjemaet: Rekvisisjon oppmålingsforretning

Du må leggja ved eit kart (Kommunekart) som syner kva grensepunkt du ynskjer påvist/klarlagt.

Dette skjer når me har fått skjemaet

Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, kallar me inn til oppmålingsforretning med møte i det aktuelle området. Alle dei involverte partane får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert grensene klarlagde, innmålte og eventuelt merka av.

Usemje

Dersom det er usemje om fastsetting av grensa, kan kommunen ikkje ta stilling til kvar grensa går. I slike høve kan partane ta kontakt med jordskifteretten, som kan fastsetja kvar grensa går.

Deling av eigedom

Deling av eigedom omfattar oppretting av ny grunneigedom, festetomt og anleggseigedom. Ynskjer du å dela eigedomen din krev dette løyve etter plan- og bygningslova. 

Slik søkjer du

1. Send nabovarsel

Du må senda nabovarsel til naboar. Du kan gjere dette digitalt via eByggesøk, eller du kan bruke skjema for nabovarsel frå Direktoratet for byggkvalitet. Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga som du sender til kommunen.

2. Send søknaden

Bruk søknadsskjemaet: Rekvisisjon oppmålingsforretning (4640) (kf.no)

Legg ved:

  • Kart som syner ønska grense
  • Gjenpart med kvittering for nabovarsel
  • Naudsynt avtale om vegrett, samt rett til vatn og avløp jmf. Plan og bygningslova §27

Kva skjer når me har motteke søknaden? 

Sakshandsamingstid for delingssaker er inntil 12 veker frå søknaden er komplett. Dette føreset at søknaden er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Oppmålingsforretning skal gjennomførast utan unødig opphald. Ved sakshandsaming over 16 veker skal oppmålingsgebyret reduserast. Fristen gjeld ikkje i perioden 1.oktober-15.mars grunna vinter.

Delingssaker blir handsama av byggesaksavdelinga. Når vedtaket er gjort går saka vidare til oppmålingsavdelinga, som gjennomfører oppdelinga. 

Seksjonering

Ei seksjonering er søknad om å dela opp eit større bygg i fleire einingar. Fleire personar kan ha einerett til hvar si brukseining i bygningen.

Det er vanleg å seksjonera når store bygningar har fleire leiligheter, og eventuelt kontor eller butikklokale. Eit rekkehus eller ein eigedom med fleire frittliggande hus, slik som i eit hyttefelt, kan også organiserast som eit eigarseksjonssameige.

Kvar brukseining vil bli teikna opp og gitt sitt eget seksjonsnummer. Alle seksjonar kan bestå av ein hovuddel, til dømes ei leilighet, og ein eller fleire tilleggsdelar. Vanlege tilleggsdelar vil vera parkeringsplass og bodar.

Kvar seksjon vil få sitt eige grunnboksblad når seksjoneringa er tinglyst, og her vil det går fram  hva som ligg til kvar seksjon, slik som tilleggsdelar.

Seksjoneringssaker vert handsama av kommunen, og blir deretter tinglyst.

Slik søkjer du

Når du skal seksjonera ein eigedom, må du fylla ut ein seksjoneringssøknad. Skjemaet finn du på nettsida til kommunal- og moderniseringsdepartementet. Er det fleire bygg på tomta, må du ta med alle i søknaden.  Ynskjer du å delta inn i eigarseksjonar med uteareal, må det vera gjort ei oppmålingsforretning.

Fyll ut søknad om seksjonering

Meir informasjon og rettleiing til utfylling av søknaden og kva vedlegg som må liggja ved finn du på regjeringen.no: Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering og søknadsskjemaer med utfyllingsveiledninger - regjeringen.no

Lever skjema med vedlegg per post eller ved oppmøte. Du kan ikkje levera dette digital, sidan me må ha originale signaturar.

Postadresse:
Sogndal kommune
Postboks 153
6851 Sogndal

Arealoverføring

Arealoverføring er å overføra areal mellom eigedommar som har felles grense. Arealoverføring vert brukt når arealet som skal overførast er større enn 5 prosent av opphaveleg areal. Du må søkja kommunen om løyve til arealoverføring.

Slik søkjer du

Når du skal søkja, må du teikna inn arealet du vil arealoverføra på klartet. Du kan nytta kommunekart.no.

Du må også fylla ut og leggja ved følgjande:

Du finn skjema på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet

Når kommunen har gitt løyve til arealoverføring, held me ei oppmålingsforretning med møte i området  det gjeld der grensene for dei aktuelle eigedommane vert klarlagde og skildra. Du må senda krav om matrikulering og rekvisisjon av oppmålingsforretning. Kravet kan sendast samstundes med søknad om deling eller etter at løyvet til deling er gitt.

Skjema: Rekvisisjon oppmålingsforretning (4640) (kf.no)

Grensejustering

Grensejustering er å gjera små justeringar (som maksimalt utgjer 5 prosent av opphaveleg areal) av eigedomsgrensa mellom naboeigedommar. Du må søka kommunen om løyve. Kommunen handsamar saka ved oppmålingsforretning og registrerer dei nye grensene i matrikkelen. Grensejusteringar vert ikkje tinglyste.

Slik søkjer du

Bruk skjemaet: Rekvisisjon oppmålingsforretning (4640) (kf.no)

Dersom arealet om skal overførast er for stort til at det kan grensejusterast, kan det overførast ved arealoverføring.

Meir informasjon finn du på nettsida til Kartverket: Grensejustering, arealoverføring og endring av festegrunn | Kartverket.no