Solcelle- eller solfangaranlegg

Dersom du ynskjer å setja opp solcelle- eller solfangaranlegg på bustaden din, kan det henda at solenergisystemet er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Det som avgjer om tiltaket er søknadspliktig, er om karakteren til  fasaden sin karakter blir vesentleg endra.

Du må senda søknad dersom:

  • Bygget har avklart kulturminneverdi.
  • Solenergisystemet går over fleire brannceller.
  • Tiltaket vil koma i konflikt med bestemmelsar eller intensjon i reguleringsplanen. Reguleringsplan for din eigedom finn du på kommunekart om eigedomen er omfatta av reguleringsplan.

Kommunen må vurdera om du må senda søknad i desse tilfella:

  • Bygget har kulturminneverdi som ikkje er formelt avklart. Bygget som det skal etablerast solenergisystem på, er ført opp i SEFRAK-registeret eller er eit bygg som openbart har høg kulturminneverdi.
  • Bygget ligg ei eit området der husa har einsarta arkitektonisk utrykk.
  • Solenergisystemet vert montert frittståande på taket eller fasaden, det vil seie ikkje plant med fasaden eller takflata.

Dersom du ynskjer å etablere eit solenergisystem på bustaden din, kan du søke tilskot til kjøp og montering frå Enova.

Meir informasjon:
Arbeid på eksisterende bygg - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)
Solcelle- eller solfangaranlegg - rettleiar frå Sogndal kommune (PDF)

 

Kan du byggja utan å søkja?

Du kan gjennomføra ei rekkje byggeprosjekt på eigedomen din utan å søkja kommunen først. Sjekk på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet om det gjeld for prosjektet ditt:

Treng du meir rettleiing for å finna ut om du må søkja eller ikkje? Sjølv om byggeprosjektet er unnteke søknadsplikt, må det du byggjer vera i samsvar med kommunale planar. Det kan vera eigne vedtekter om plassering, utforming og storleik. Ta kontakt om du er usikker på om du må søkja: postmottak@sogndal.kommune.no.

Kva du bør gjera om ikkje treng å søkja

Har du teke vegvisaren og fått resultatet at du slepp å nabovarsla og senda byggesøknad til kommunen?  

Snakk med naboane dine

Slepp du å søkja og dermed å nabovarsla, er eit godt råd at du likevel informerer naboane dine om kva du skal byggja, og forklarer kvifor du ikkje treng å nabovarsla.

Skal du bygga flere tiltak samtidig?

Har du lyst til å bygga flere unntekne tiltak samtidig? Då kan det du vil gjera bli så omfattende at du likevel må søka.

Send oss ein førespurnad på e-post hvis du er i tvil: postmottak@sogndal.kommune.no.

Pass på at bygningen blir lovleg oppført

Når du bygger utan å søka, har du ansvaret for at bygningen er lovleg oppført. Bygningen kan ikkje koma i konflikt med reguleringsplan, arealdelen i kommuneplanen eller kommunale vedtekter. Du må også passa på at du har innhenta alle relevante dispensasjonar og løyve, til dømes ved bygging nær veg.

Send melding til kommunen når du er ferdig å byggja

Du må melda fra til kommunen når bygget er ferdig, slik at det blir teikna inn i kommunens kartdata.

Skjema: Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt

 

Slik søkjer du om byggjeløyve

Har du sjekka og funna ut at du må søkja om byggjeløyve? Slik går du fram:

Åtte steg fra idé til ferdig søknad - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Slik søker du

Du søkjer om byggjeløyve digitalt på ebyggesok.no. Her får du hjelp både med utfylling og innsending av den digitale byggjesøknaden – frå nabovarsel til ferdigattest. Dette gir raskare behandlingstid, mindre feilretting, dei tilsette i kommunen sparer mykje ressursar i sakshandsaminga og søknaden er komplett når han vert levert. Ved mottak av komplett søknad blir det gitt frådrag i gebyrsatsen i samsvar med gjeldande gebyrregulativ.

Kom i gang med digital søknad (eByggesøk frå Norkart)

Arbeid på eksisterande bygg

På nettsida til Direktoratet for byggkvalitet får du hjelp til å vurdera om arbeid på ein eksisterande bygning er vedlikehald, vesentleg endring, vesentleg reparasjon eller hovudombygging. Du får også vita om arbeidet krev søknad og om krava i byggteknisk forskrift (TEK17) gjeld:

Arbeid på eksisterende bygg - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Kart og reguleringsplanar

Kart og reguleringsplanar finn du på nettsida Kommunekart.

Slik finn du gjeldande planar for din eigendom:

  1. Klikk "kartlag" oppe til venstre, og huk av for dei planane du vil sjå i menyen til høgre. Kontroller først at "Sogndal kartlag" er huka av. Vanlegvis bør du sjekka områdeplanar, reguleringsplanar, regplan-raster og kommuneplan. 
  2. Bruk søkefeltet oppe til venstre for å søka etter din eigedom ved å bruka adresse eller gnr/bnr.
  3. I menyen til høgre får du opp dei kartlaga som finst for eigedommen din. Klikk på overskriftene for å opna faktaruta. Nedst i kvar rute vil du finna lenke til planarkivet, der du kan lese planen dersom du ynskjer det.

Dispensasjon

I utgangspunktet skal alle bygg førast opp i tråd med lover, forskrifter og planar. Dersom du ønsker å bygga, riva eller endra ein eigedom på ein måte som strid mot nokon av dette, må du søkja om dispensasjon. Kommunen kan i spesielle tilfelle gje mellombels eller varig dispensasjon.

Vikåra for å kunne gje dispensasjon er:

  1. Omsyna bak føresegna det blir søkt dispensasjon frå kan ikkje bli sett vesentleg til sides. 
  2. I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vera klart større enn ulempene. 

Fordelane skal først og fremst vera allmennyttige fordelar, og kommunen skal i hovudsak leggja vekt på samfunnsmessige omsyn av planfagleg karakter.

Kommunen kan ikkje gje dispensasjon frå reglane om sakshandsaming.

Du kan søka om dispensasjon saman med byggesøknad, eller som eigen søknad. Søknad om dispensasjon skal vera grunngjeven på eige skriv. Du må òg nabovarsle at du søker om dispensasjon. Det er søkar sitt ansvar å grunngje kvifor kommunen skal gje dispensasjon.

Send søknaden på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller per post til Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal.

Er du i tvil om du må søkja dispensasjon? Send gjerne ein skriftleg førespurnad til: postmottak@sogndal.kommune.no.

Handsaming av dispensasjon medfører byggesaksgebyr.

Nabovarsel

Når du har samla alle dokumenta du treng i byggesøknaden din, må du varsla naboar. Alle søknadspliktige tiltak krev nabovarsling. Naboane har to veker på å koma med merknader fra dei får varselet. Nabovarsel kan du senda digitalt eller på papir.

Meir informasjon: Nabovarsel - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

På nettsida til Direktoratet for bygkvalitet finn du også informasjon om kva du bør gjere når du har motteke nabovarsel. 

Merk at den digitale løysinga for byggesøknad, eByggesøk, også kan hjelpa deg med digital nabovarsling i byggesaka di. 

Førehandskonferanse

Du kan bestilla ein førehandskonferanse dersom du vil ha eit møte med kommunen for å avklara føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare sakshandsaminga. Du som tiltakshavar og ansvarleg søkar møter då ein sakshandsamar frå kommunen. Førehandskonferanse blir halden før ein eventuell byggesøknad blir send til kommunen.

Kommunen pliktar å halda førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar vil ha det. Kommunen kan òg krevja at det blir halde førehandskonferanse.

Dersom du vil ha ein førehandskonferanse med kommunen, må du sende ein skriftleg førespurnad.

I bestillinga må du gjera greie for kva du vil byggja og på kva eigedom. Forhold som du vil ha avklara på konferansen, må kommunen få vita om før møtet (tidspunktet vert sett). Før møtet skal du eller ansvarleg søkar gje kommunen dei opplysningane som er naudsynte for å halda konferanse. Dette vil som regel vera kart, teikningar, skildring, avklaring om dispensasjon osv.

Du bestiller førehandskonferanse digitalt via skjemaet: Oppmoding om førehandskonferanse (KF-414)

Gebyret for førehandskonferansen vert fråtrekt ved handsaming av byggesøknad. For møte utover (første) førehandskonferanse vert det fakturert per møte. Dette vert fakturert saman med hovudgebyret.

Sjå gebyr på byggesak i prisheftet til kommunen

Prisar for byggesak

Sakshandsamingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr på kva du skal bygga, og eit arealgebyr for etter storleiken på bygget. Dersom du leverer komplett, digital søknad, får du frådrag i byggesaksgebyret.

Sjå gebyr på byggesak i prisheftet til kommunen

Klage på vedtak

Er du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Du vel sjølv om du vil at ansvarleg søkjar eller til dømes ein advokat skal fremja klagen for deg. Forklar kva du ikkje er nøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Lèt kommunen vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.