Arkitektkontoret 4B varslar på vegne av Stedjevegen  AS oppstart på planarbeid for detaljreguleringsplan for eit område i Stedjevegen i Sogndal. Planområdet er på ca. 15,9 daa.

Planområdet og planavgrensing for varsling

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for forretning med varelevering og parkering, kontor, bustader og leikeområde. Gjennom detaljplanområdet vil det etablerast ein offentleg gang- og sykkelveg, som kobler seg på eit felles uteopphaldsareal tilrettelagt for leik og rekreasjon. Det skal og leggast til rette for ei avkjørsle med varelevering frå riksveg 13 til detaljplanområdet.

For vidare informasjon om planarbeidet, sjå vedlagt planinitiativ og referat frå oppstartsmøtet. 
For meir informasjon om avkjørsle og varelevering, sjå notat og planskisse for dette.

Planavgrensing synt i blått

Meir informasjon

Referat frå oppstartsmøte

Planinitiativ

Notat tilkomst og varelevering

Planskisse tilkomst og varelevering

Varslingsbrev

Planstatus

I gjeldande kommuneplan for området, arealdel til Sogndal kommune 2013-2023 er planområdet avsett til sentrumsformål og bustadformål. 

Gjeldande reguleringsplan for tiltaksområdet er «Områdereguleringsplan Stedjevegen sør», vedteke 18.02.2021. Området er avsett til bustad/forretning/kontor, offentleg tenesteyting, bustadformål, friområde og leikeplass, samt tilhøyrande infrastruktur.

Utsnitt frå kommuneplanen til venstre, områdeplan for Stedjevegen sør til høgre

Konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar, grunngjeving går fram av framleggsstillar sitt planinitiativ, og kommunen har slutta seg til vurderinga jf. referat frå oppstartsmøte.

Innspel til planarbeidet

Innspel og spørsmål til planarbeidet kan rettast til Arkitektkontoret 4B, Trolladalen 30, 6856 Sogndal, 
eller til post@arkitektkontoret4b.no innan 7. mai 2024. 

Alle mottekne dokument og innspel vil bli oppsummert, kommentert og sendt til Sogndal kommune saman med planframlegget.

(I varslingsbrevet er det sett frist for uttale 3. mai. Etter opplysningar frå plankonsulent er denne utvida til 7. mai)

Vidare planprosess

Når plankonsulent har utarbeidd eit komplett planframlegg vert det levert til 1. gongs handsaming hjå kommunen. Kommunen sitt faste utval for plansaker kan vedta å legge planframlegget ut til offentleg ettersyn og høyring i 6 veker. I høyringsperioden kan rørde partar koma med merknader og innspel.

Når høyringsperioden er slutt vert planframlegget eventuelt justert, og til slutt levert til 2. gongs handsaming hjå kommunen. Då vert planframlegget først handsama av kommunen sitt faste utval for plansaker og til slutt Kommunestyret som skal gjere det endelege vedtaket.