Arbeidet vert utført av plankonsulent Cornelis Erstad på vegne av Kaupanger Idrettslag og Sogndal kommune. Planen har fått Plan-ID 2026001.
Planinitiativet og oppstartsmøtereferatet
Planinitiativet er eit dokument som framleggsstillar må sende kommunen seinast samstundes som ein ber om eit oppstartsmøte. Planinitiativet er ei enkel utgreiing om kva framleggsstillar ønskjer å leggje til rette for i detaljreguleringsplanen. I oppstartsmøtereferatet ser du korleis planinitiativet er vurdert av planavdelinga i kommunen. Her står det òg kva kommunen vil vurdere når utkastet til reguleringsplanen vert sendt til politisk handsaming.
Planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å utarbeide ein detaljreguleringsplan for idrettsanlegget på Kvernhushaugen og legge til rette for etablering av ein ny, permanent barnehage i området. Det er planlagt ein ny barnehage med 2-3 avdelingar og plass til om lag 50 born. Barnehagen vil vere organisert som tradisjonelt småhus i 1-2 etasjar, men planen skal vere fleksibel for eventuelt å kunne byggje noko større i framtida dersom behovet skulle melde seg. Planen skal sikre tilstrekkeleg areal for barnehagen, inkludert uteareal og parkering.
Vidare skal det leggast særleg vekt på å vurdere verknader for tilgrensande areal, spesielt når det gjeld trafikkavvikling og tryggleik for mjuke trafikantar.
Syner til oppstartsmøtereferatet for fleire detaljar om føremålet og kva som skal greiast ut i planarbeidet.
Kartet viser varsla avgrensing av planområdet med tjukk, svart strek.
Plangrensa inkluderer idrettsanlegget på Kvernhushaugen, med fleire fotballbaner, tennisbaner, sandvolleyballbaner, frisbee-golf, ein fleirbrukshall med tilbod for både fotball og padel, samt tilhøyrande klubbhus og infrastruktur. I tillegg inkluderer plangrensa krysset mot Rv. 5 i nordvest med frisiktsoner, samt tilkomstveg til krysset mot Rv. 5 i søraust for å kunne vurdere betre trafikkavvikling og auka tryggleik for mjuke trafikantar. Det skal ikkje leiast meir trafikk inn på krysset mot Rv. 5 i søraust, så det er ikkje tenkt endring og/eller utbetring av dette krysset.
Planområdet omfattar eit areal på om lag 121 daa, og er gjort romsleg ved varsel om oppstart. Plangrensa er satt for å sikre tilstrekkeleg areal til å utgreie samferdselsløysingane på Kvernhushaugen, sikre stiar, gang- og sykkelveg, og ei heilskapleg avgrensing mot og samordning med tilgrensande reguleringsplanar.
Tilhøve til overordna og gjeldande planar
Det aktuelle arealet er i hovudsak avsett til idrettsføremål, dels friområde med omssynssone H550 for landskap, dels næringsverksemd og dels LNFR i Sogndal kommune sin gjeldande arealdel. Planområdet ligg vidare innanfor omsynssone H910 (reguleringsplan skal fortsatt gjelde) og gul støysone (H210) frå Rv. 5.
Arealdelen er under revisjon. I framlegg til kommuneplanen sin nye arealdel er planområdet i hovudsak avsett til sentrumsføremål.
Planområdet overlappar gjeldande reguleringsplanar:
- Kvednhushaugen, plan-ID: 1420-1990001, vedteke 15.02.1990.
- Kvednhushaugen/Endrehjedlbakken, plan-ID: 1420-1984002, vedteke 22.11.1984.
- Trafikksenter Kaupangerskogen, plan-ID 1420-1988003, vedteke 01.07.1988.
- Detaljreguleringsplan for Hjorten Kro & Motell/Trafikksenter Kaupanger, plan-ID: 1420-2013005, vedteke 12.02.2015.
- Trafikktrygging Rv 5 Kaupanger Næringsområde, plan-ID: 1420-2012007, vedteke 11.06.2015.
Innanfor desse planane overlappar planområdet m.a. reguleringsføremål for friområde, idrettsanlegg, spesialområde, næring, offentleg formål (glattkøyringsbane/undervisning), samferdsle.
Planinitiativet er delvis i samsvar med overordna plan. Vidareføring av idrettsanlegget er i tråd med gjeldande arealbruk etter kommuneplanen sin arealdel og gjeldande reguleringsplan, medan etablering av barnehage inneber strid med regulert føremål. Syner til oppstartsmøtereferatet for fleire detaljar om planstatus.
Konsekvensutgreiing
Det er vurdert at planen ikkje fell inn under pbl. § 4-1 eller verkeområde for forskrift om konsekvensutgreiing. Planen er vurdert etter forskrift om konsekvensutgreiing §§ 6 og 8. Planen er omfatta av § 8, og det må vurderast om planen kan få vesentleg verknad for miljø og samfunn, jf. § 10. Planen er vurdert etter kriteria i § 10, og det er vurdert at planen ikkje vil få vesentlege verknadar for miljø eller samfunn.
Vidare saksgang
Etter at merknadar er motteke frå innbyggjarar, myndigheiter, organisasjonar med meir skal plankonsulent vurdere merknadane. Deretter vil det bli utarbeida eit konkret forslag til korleis planområdet kan nyttast og byggast ut. Planforslaget vil bli politisk handsama i utval for plan og samfunn, og deretter lagt ut på høyring. Alle som er del av planområdet eller nabo til planområdet vil få brev når planforslaget er på høyring. Det er viktig at alle som har merknadar til planarbeidet sender desse så tidleg som mogleg. Om du har tankar om kva som skal takast omsyn til bør du sende det som merknad allereie no.
Innspel til planarbeidet
Spørsmål til planarbeidet kan rettast til:
Fagkyndig plankonsulent: Norconsult AS v/ Cornelis Erstad
Tlf.: 41 04 37 15
E-post: cornelis.erstad@norconsult.com
Sakshandsamar og arealplanleggjar i Sogndal kommune: Sunniva Sørheim
Tlf.: 48 26 91 39
E-post: sunniva.sorheim@sogndal.kommune.no
Innspel til planarbeidet kan sendast til:
Norconsult AS
v/Cornelis Erstad
cornelis.erstad@norconsult.com
Campus Fosshaugane
Trolladalen 30
6856 Sogndal
Frist for å gje innspel til varsel om oppstart er 10.04.2026