Plangrensa inkluderer areal til eksisterande skulebygg og vegane rundt, samt Prestegarden og SHOS-bygget. Plangrensa inkluderer også bustader som ligg inntil Plassen, Skulevegen, Leighgota og Dalavegen. Føremålet med å inkludere bustadane i planområdet er å sikre plass til veg eller fortau og avkøyringar frå bustader. Planen inkluderer heile Stitoppen med snarveg frå Dalavegen, og Prestegarden og SHOS-bygget for å regulere uteopphaldsareal til skulen. Plangrensa er gjort romsleg no som planområdet skal varslast, og vil snevrast inn til å gjelde berre dei areala som er naudsynt for gjennomføring av skuleplanen. Grunnen er at det ikkje er avgjort kor hente- og bringesone for elevane skal plasserast, og alle gatene rundt skulen må inkluderast for å greie ut alternativa.
Planinitiativet og oppstartsmøtereferatet
Planinitiativet er eit dokument som framleggsstillar må sende kommunen seinast samstundes som ein ber om eit oppstartsmøte. Planinitiativet er ei enkel utgreiing om kva framleggsstillar ønskjer å leggje til rette for i detaljreguleringsplanen. I oppstartsmøtereferatet ser du korleis planinitiativet er vurdert av planavdelinga i kommunen. Her står det óg kva kommunen vil vurdere når utkastet til reguleringsplanen vert sendt til politisk handsaming.
Planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å regulere utbyggingsområde for ny skule, uteområde til skulen, og vegar rundt skuletomta. Det skal undersøkjast løysing for ny hente- og bringe sone.
Plassering av ei slik sone må sjåast i samanheng med andre trafikkbehov i nærområdet,
I planinitiativet vert det føreslege to hente- og bringesone. Ei mindre hente- og bringesone i Leighgota og ei større sør for SHOS-bygget i Plassen. Det skal greiast ut alternativ til plassering av hente- og bringesone. Syner til oppstartsmøtereferatet for fleire detaljar om kva som skal undersøkast i planarbeidet.
Parallell prosess
Det varslast om parallell byggjesaks- og planhandsaming. Denne prosessen er avklart
Det inneber at regulering for sjølve
Forhold til gjeldande planar
Planområdet er regulert i områdereguleringsplan 1420-2012006, SOS-Trudvang-Prestadalen og
Arealdelen er under revisjon, der neste formelle skritt er 2. gongs høyring. Den er venta vedteken i løpet av 2026. I gjeldande arealdel er heile området regulert til sentrumsføremål.
Planinitiativet er delvis i tråd med overordna plan. Syner til oppstartsmøtereferatet for fleire detaljar om planstatus.
Konsekvensutgreiing
Planen er vurdert etter forskrift om konsekvensutgreiing §§6 og 8. Planen er omfatta av §8,
Tema naturfare vil likevel greiast ut i planarbeidet, med tema snøskred, jord- og
Vidare saksgang
Etter varsel om oppstart, følgjer det normalt 4 veker der det er høve til å komma med
Utsegn vil bli kommenterte ved innsending av planforslaget. Når planforslaget er klart, vil det først vurderast av planavdelinga ved kommunen, før det blir handsama av planutvalet. Planutval vedtek om planforslaget skal leggjast ut på offentleg ettersyn.
Vedtaket blir annonsert i lokalavis og grunneigarar får nytt brev. Då får du igjen høve til å
Vedtaket blir annonsert, og grunneigarar gitte høve til å klaga på vedtaket, eller krevja
Utsegn til planen blir ikkje svart på med brev, men følgjer saka til politisk handsaming.
Det er viktig at alle som har utsegn og innspel til planarbeidet sender desse så tidleg som mogleg. Om du har tankar om kva som skal takast omsyn til bør du sende det som merknad allereie no.
Utsegn og spørsmål til planarbeidet
Spørsmål til planarbeidet kan rettast til:
Fagkyndig plankonsulent: Holar Ola Roald AS v/ Siri M. Ludvigsen
Tlf: 45436130
E-post: sml@holar.no
Sakshandsamar og arealplanleggjar i Sogndal kommune: Sunniva Sørheim
Tlf: 48269139
E-post: sunniva.sorheim@sogndal.kommune.no
Utsegn til planarbeidet kan rettast skriftleg til:
Holar Ola Roald AS v/ Siri M. Ludvigsen, e-post: sml@holar.no, med kopi til Sogndal kommune: postmottak@sogndal.kommune.no
Frist for å gje utsegn til varsel om oppstart er 09.01.2026.