I ny opplæringslov som skal gjelda frå 01.08.2024, er det stilt krav til at alle kommunar skal utforma lokale forskrifter på fem område. I tillegg er det fleire område kommunen kan gje forskrifter på. Forskriftene skal vera offentleggjort i Norsk Lovtidend.
Formannskapet sender no følgjande framlegg på høyring:
- Permisjon frå skulen
- Skulereglar (overordna ordensreglar heiter no skulereglar)
- Hovudmål i opplæringa
Du kan senda høyringsinnspel til postmottak@sogndal.kommune.no.
Merk e-posten med “Høyringsinnspel lokale forskrifter …. …" og namnet på forskrifta du gjev høyringsinnspel på .
Det er lagt opp slik tidsplan for handsaming av forskrifta:
Arbeid | Tidsfrist | Notat |
---|---|---|
Leggja ut framlegg til høyring | 20. mai | |
Rektor tek opp tekstforslag/ vidaresender til:
Følgjande skal ha direkte invitasjon til å gje høyringsinnspel:
Framlegg til forskrifter blir lagt ut på Sogndal kommune sine nettsider |
Elevrådsansvarleg tek opp forskriftene i elevråda. Rektor har ansvar for å informera tilsette.
Alle har rett til å senda tilbakemelding på høyringsutkasta innan 1. juli 2024. | |
Høyringsinnspela skal sendast til postmottak@sogndal.kommune.no |
| Høyringsinnspel kan sendast direkte frå enkeltpersonar eller grupper. |
Politisk handsaming | Utval for levekår 28. august Kommunestyret 3. oktober | |
Offentleggjering i Norsk Lovtidend |