1. Sogndal kommune gjer vedtak om oppstart av områdeplan for Nestangen, og varslar planoppstart etter plan- og bygningslova § 12-8. 
  2. Forslag til planprogram for områdereguleringsplan Nestangen vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn etter plan og bygningslova § 4-1, 12-2 og 12-9. 
  3. Eksakt planavklaring av påslag for lang tunell bak Sogndal sentrum vert ikkje ein del av områdeplanarbeidet. Ved Kløvhola vert det ikkje lagt ut til bustadområde, men heller vegføremål, gang og sykkelsamband, grøntområde m.v. Dette for å redusere konflikt ved ein eventuell framtidig planlegging av tunellpåslag. 

Planområdet

Storleiken på planområdet er om lag 180 dekar pluss 36 dekar areal i sjø. Framlegg til planområdet er avgrensa langs yttersida av Helgheimsvegen (Riksveg 5) frå kryss til Sogndal Folkehøgskule til rundkøyringa ved Gravensteinsgata – vidare langs Hovevegen – Markavegen – Navarsetevegen – oversida av busetnaden langs Hagebyvegen  – Kløvhola – og i sjøen langs utsida av neset tilbake til kryss ved Sogndal Folkehøgskule igjen.

Kartutsnitt Nestangen.JPG

Føremålet

Føremålet med eit planprogram er å tydeleggjere premissar og rammer for planoppgåva, fastsette om forhold må konsekvensutgreiast, og kva plantema som skal vurderast nærare i planforslaget. Det er også eit verktøy for å sikre medverknad og avklare problemstillingar på eit tidleg tidspunkt i planarbeidet. Planprogrammet vert lagt ut til høyring samstundes med at det vert varsla oppstart av planarbeidet.

Med sin visjon, verdiar og mål, gir samfunnsplanen for Sogndal kommune føringar for både planprosessen og sjølve resultatet. Målet med planarbeidet er at

«Sogndal kommune ønskjer å utvikle Nestangen til ein inviterande innfallsport og berekraftig ny del av tettstaden, med gode bukvalitetar og oppvekstvilkår.»

For vidare informasjon om planarbeidet, sjå vedlagt planprogram og plan for medverknad.

Ta gjerne kontakt ved spørsmål.

Dokument i saka

Saksframlegg
Saksprotokoll
Planprogram for områdereguleringsplan Nestangen
Plan for medverknad