Kommunestyret vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 områdereguleringsplan for Stedjevegen sør, sist revidert 13.09.2017.

Punkt 2 i o-T2 i føresegnene vert endra til: 
Innanfor g/bnr. 64/119 kan det mellom anna etablerast omsorgsbustadar. 
Største tillate gesimshøgd er 14moh. Største tillate mønehøgd e 16 moh. 
Takoppbygg som trapperom, heisoverbygg, mindre tekniske rom etc. kan godkjennast høgare dersom dette vert løyst og dokumentert på ein estetisk god måte. 

Kort om planen

Områdeplanen skal vidareføre arbeidet med ei god tettstadsutvikling og sentrumsutvikling. Planen legg til rette for ei stor utbygging av areal til forretning, og vil dekka eit behov for forretningar i sentrum som krev store areal.
Planen legg også til rette for ei monaleg bustadbygging, og kan dekke bustadbehovet for 500-600 innbyggjarar gjennom fortetting og transformasjon.
Områdereguleringsplanen legg også til rette for kommunale bustader. 

Eventuelle klager

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar i planområdet varsla, og planvedtaket vert kunngjort i Sogn Avis 27.02.2021.
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 22.03.2021. 
Eventuell klage må fremjast skriftleg og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til postboks 153, 6851 Sogndal. 

Dokument