Føremålet med planarbeidet har vore å leggje til rette for næringsaktivitet med tilhøyrande tilkomst for køyretøy og mjuke trafikkantar, VA-anlegg, m.m. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.
Vedtak i kommunestyret 30.03.2023
«1. Detaljreguleringsplan for Myradn næringsområde, plan-id 4640-2022004, med plankart og føresegner blir vedteken.
2. Reguleringsplan for Industriområde Myradn, del av gnr. 105 bnr.2, plan-id 4640- 1420-2008002 og vedteken 11.09.2008 blir oppheva.
Vedtaket blir grunngjeve med at planframlegget legg opp til ei samla løysing som bygger opp under målsetjinga om eit attraktivt næringsområde på Kaupanger i tråd med arealdel til kommuneplan, samstundes som det legg føringar for drifta av masseuttaket som sikrar omgjevnadane på best mogleg måte.»
Om innhaldet i reguleringsplanen
Bakgrunnen for planarbeidet er vedtak i plan- og forvaltningsutvalet, sak 35/21, den 07.09.2021. I vedtaket går det fram at gjeldande reguleringsplan for Myradn skal vere vedteken innan 31.12.2022. I grunngjevinga for endring av reguleringsplanen går det fram att:
«Planprosessen i høve endringa skal sikre brei medverknad og setje klåre råmar for den vidare drifta på Myradn, samstundes som framtidig arealbruk skal verte tydeleggjort.»
Føremålet med planarbeidet har vore å leggje til rette for næringsaktivitet med tilhøyrande tilkomst for køyretøy og mjuke trafikkantar, VA-anlegg, m.m. Planframlegget er på om lag 76 daa og av dette er om lag 66 daa regulert til angjeve bebyggelse og anleggsføremål med andre angjeve hovudføremål.
Innsyn i dokumenta til reguleringsplanen
Alle dokument finn du i den politiske saka,trykk vidare på sak 14/2023 Detaljregulering for Myradn næringsområde, velg vedlegg og vel dokumentet du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lese kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.
Plankart med føresegner og planomtale er også skreve ut og kan sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17. Opningstida 10:00-14:00. Dersom du ønskjer ein kopi av dokumenta, kan du kontakte tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
Eventuelle klagar
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 25.05.2023, tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i Sogn Avis.
Klagen skal vere grunngjeven og klagar må spesifisere kva det klagast over og kva endringar klagar ynskjer. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklårt om klagefristen er utgått, ber vi om at du gjev opp når vedtaket kom fram. Sakshandsamar kan gi rettleiing om framgangsmåten ved klagen.
Det er tilgang til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.
Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.
Erstatning/innløysing
Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.
