Arbeidsvarslingsplan skal følgja med alle søknadar.

Søknadsplikta følgjer av leidningsforskrifta og veglova §§ 32 og 57 og dekkjer eigedomsområdet til vegeigar og alltid området innanfor tre meter frå vegkant, uavhengig av kven som er grunneigar.

Søk om graveløyve/arbeidsvarsling

Søknad om arbeidsvarsling og graving over/langs kommunal eigedom slik som tomter, veg, fortau, gang- og sykkelveg eller anna trafikkareal skal sendast inn minst to veker før arbeidets oppstart. 

Andre instansar som kan vera aktuell å kontakta for graving i Sogndal kommune

  • Vestland fylkeskommune - ved graving i eller over fylkesveg.
  • Statens vegvesen - for arbeidsvarsling langs fylkesveg.
  • Sygnir - for informasjon og kabelpåvising av deira nett.
  • Geomatikk - for gravemelding og eventuell kabelpåvising av infrastruktur.