Vedtak
Framlegg til utbyggingsavtale mellom Amla Panorama AS og Sogndal kommune for gjennomføring av oppgradering av offentleg veg i samband med utbygging av Amla Bustadfelt vert med heimel i Plan og bygningsloven §17-4 vert lagt ut til offentleg ettersyn med 30 dagar frist for merknader.
Saksutgreiing og framlegg til utbyggingsavtale er å finne på kommunen si nettside under politiske møte - møte i formannskapet 03.04.2025 i sak PS 24/2025 «Utbyggingsavtale – Amla bustadfelt».
Uttale må vere skriftleg anten på epost til postmottak@sogndal.kommune.no eller som brev til postboks 153, 6851 Sogndal. Frist for uttale er sett til 23.05.2025.
Dersom det er noko som er uklårt, ein ynskjer å få nærare informasjon eller ta opp ulike sider av saka er det berre å ta kontakt med
Arne Abrahamsen
Epost: arne.abrahamsen@sogndal.kommune.no,
Telefon 95824896.