Utvalet for samfunnsutvikling har avgjerdsmynde i saker innanfor sine ansvarsområde, med unnatak av dei sakene som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedteke at det sjølv skal avgjere.
Utvalet har avgjerdsmynde innanfor sine ansvarsområde i ikkje-prinsipielle saker innanfor rammene for vedteke budsjett. Dette kan til dømes vere saker om kulturmidlar og kommunale midlar til nærmiljøanlegg.
Utvalet er referansegruppe og har medansvar for sektorplanar for området. Utvalet arbeider med desse i perioden fram til saka skal leggjast fram for kommunestyret. I prosessar der det er føremålstenleg, legg kommunedirektøren fram arbeidsdokument for utvalet. Utvalet kan då kome med innspel som kan justere retninga på prosessen. Kommunedirektøren tek med seg innspela i det vidare arbeidet.
Utvalet er støtte for politisk leiarskap når det gjeld viktige område for kommunen, og skal vere høyringsinstans og førebu høyringar.
Arbeidsområde:
Utvalet har ansvar for saker knytt til følgjande fagområde:
- samfunns- og næringsutvikling
- teknisk infrastruktur
- fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
- kultur, bibliotek, kulturskule, frivillig arbeid
- kulturminne
- natur, klima og miljø
- flyktningpolitikk, asylpolitikk og integrering/innvandrarråd
I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal det innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal det innstille til formannskapet.
Namn | Rolle | Parti | stad | Tlf. | E-post |
---|---|---|---|---|---|
Tore Feten | Leiar | Senterpartiet | Balestrand | 48095608 | tfeten@gmail.com |
Bjarte Haugen | Nestleiar | Venstre | Fjærland | 41324789 | bjarte.haugen@gmail.com |
Clara øberg | Medlem | Arbeidarpartiet | Sogndal | 41530713 | clara.oberg@vlfk.no |
Mari Husabø | Medlem | Sosialistisk Venstreparti | Sogndal | 41511238 |
marihusabo@gmail.com
|
Laila Njøs Eikeland | Medlem | Senterpartiet | Leikanger | 97542072 | lailanje@online.no |
Ole Simen Nesdal | Medlem | Senterpartiet | Leikanger | 99607677 | osnesdal@gmail.com |
Eivind Dahl | Medlem | Høgre | Kaupanger |
90100812
|
eivind@dacomek.no
|
Ståle Loftesnes | Medlem | Miljøpartiet dei Grøne | Kaupanger | 41292803 | staaleloft@hotmail.com |
Janne Helen Midttun Vervik | Medlem | Senterpartiet | Balestrand | 95834275 |
janne.midt.ver@hotmail.com
|