Sogndal kommune jobbar vidare ut i frå hovudgrepa i «konsept 2 medium» med følgjande presisering: 
Sone B og C (med unnatak av landbruksjorda) vert vedteke i samsvar med tilrådinga frå utval frå plan og samfunn. For sone A ber kommunestyret kommunedirektøren greie ut følgjande forhold før endeleg handsaming av planen: 
- Alternativ vegframkomst
- Leggje fram arealrekneskap for Sogndal sentrum  
- Vurdere retningsliner for jordvern 
- Vurdere eventuelle konsekvensar for utbygging av Nestangen
- Vidare utvikling av Helse Førde, Indre Sogn psykiatrisenter 
Sone B (Grushola og Ulvahaugen): 
- La haugen, og bekkedraget vere ein bærande blå-grøn struktur i
 området
- Legg til rette for ei høg utnytting 
- Greier ut: - Kor høge bygningane kan vere over terrenget i Grushola utan at haugen tapar seg vesentleg i verdi
- Kvar går avveginga mellom størst mogleg busetnad opp mot å gje den blå-grøne strukturen rom og ein reell kvalitet
- Kor høg utnytting/kor tett kan det byggast, samstundes som det framleis er gode bukvalitetar i området
 
- I Grushola skal greiast ut vidare for om det skal opnast opp for ein anna bruk enn bustad i etasjane nærmast gateplan. Maks gesims- og mønehøgde skal fastsettast etter å ha sett vidare utgreiingar som t.d. sol- og skuggestudiar
- Revidere plangrensa til å ikkje inkludere vaskeriet. Detaljreguleringsplan for nye studentbustadar skal inkludere denne tomta
Sone C (Trolladalen): 
- Legge til rette for tett-låg utbygging som gir ei blanda bebuargruppe 
Dokument i saka:
- Saksframlegg
- Saksprotokoll Plan og samfunn
- Saksprotokoll Kommunestyret
- KONSEPT Områderegulering Rutlin-Ulvahaugen
- Vedlegg Konsept Områdereguleringsplan Rutlin-Ulvahaugen
- Stadanalyse Rutlin-Ulvahaugen 
- Lokalklimarapport Rutlin-Ulvahaugen 
- Planprogram Rutlin-Ulvahaugen 
- Referat medverknadsmøte 31.10.2023
- Skriftlege innspel medverknadsmøte 31.10.2023
- Plan for medverknad Rutlin-Ulvahaugen 2023-06-28
- Arkeologi
- Landbruk uttale
- Korte referat frå «ope kontordag»
 
				