Planprogram for områdereguleringsplan Nestangen vert med heimel i plan- og bygningslova § 4-1, 12-2 og 12-9 vedteke med med følgjande endringar som vert innarbeida i planprogrammet:

 

  1. Redaksjonell endring i planprogrammet under private eigedommar (side 12)
  1. Jan Arild Jakobsen skal nemnast som intern aktør og ein av dei større grunneigarane i området. Jakobsen vil bli involvert i arbeidet gjennom medverknadsprosessen. ‘
  2. Setning om TESS vert erstatta med følgjande setning: TESS Møre Eiendom AS eig TESS-bygget, som er forhandlar for varer og tenester for proffmarknad. TESS Sogndal er ein avdeling i TESS Nord AS. TESS Sogndal står for drifta av eigedommen på vegne av TESS Møre Eiendom AS. TESS har festekontrakt på tomta fram til 2044. I festeavtalen inngår det at grunneigar pliktar å gje plass til tilkomstveg på vestsida (g/bnr. 11/5/6) av festearealet, som skal nyttast i drifta av TESS.
  3. Nestangen Eigedom AS og Nestangen Tomteselskap AS har ikkje same eigar

 

  1. «Utviklingsplan for Vestland 2020-2024» blir lagt inn i planprogrammet under «Regionale føringar» (side 24).

 

  1. Planprogrammet vert supplert med fylgjande informasjon under kapittel 4 «Konsekvensutgreiing» (side13):
    Det ikkje utbygde området på Nestangen vart endra frå LNF-føremål til næringsføremål ved rullering av KPA i 2008, og vart konsekvensutgreia for dette føremålet. I samband med rullering av KPA i 2013 blei området på Nestangen sett av til sentrumsføremål, og det vart sett krav om områderegulering for å sikre heilskapleg planlegging og høgare grad av medverknad. Det var ikkje gjort ny konsekvensutgreiing i 2013, berre på ein mindre del (3,8 da) langs fjorden.

 

  1. Redaksjonell endring i planprogram under kapittel 5, "Born og unges interesser" (side 12). Teksten blir noko meir utfyllande. For fullstendig tekst, sjå vedlagt merknadsskjema pkt. 3 under høyringsinstansar.

 

  1. Planprogrammet blir supplert med nytt punkt «Klimatilpassing» under kapittel 5 «Tema som skal greiast ut». Følgjane tekst vert lagt inn:

Klimatilpassing

I planarbeidet skal ein avklare mogeleg flaum og skredfare, handsaming av overflatevatn, tilrettelegging for ladestruktur og føringar for materialbruk, energiløysingar og eventuelt byggtekniske løysingar for framtidige bygg.

 

  1. Redaksjonell endring i planprogrammet under punkt «Arkeologi» (side 19). Teksten blir endra til at det må påreknast arkeologiske undersøkingar. For fullstendig tekst, sjå vedlagt merknadsskjema pkt. 3 under høyringsinstansar.

 

  1. I planprogrammet vert kapittel 6 «Tema som skal greiast ut» , «trafikk» (side 16) supplert med eit nytt kulepunkt:
    Trafikkanalyse - analysen skal så lang som råd gje eit bilete av dagens trafikkmengd, framtidig trafikkmengd, skulevegar og trafikktryggleik.

 

  1. Redaksjonell endring av planprogrammet: «Veileder for støyvurdering ved etablering av nærmiljøanlegg» IS-1693 vert lagt inn under kapittel 5 «Tema som skal greiast ut», underpunkt «Støy».

 

Dokument i saka:

Planprogram for Nestangen, vedteken 07.06.2023 (pdf)
Plan for medverknad Nestangen, dagsett 10.03.2023 - høyringsutkast (pdf)
Merknadsskjema etter varsel om oppstart av planarbeid, dagsett 09.06.2023 (pdf)
Samla innspel, dagsett 09.06.2023 (pdf)
Saksframlegg (pdf)
Saksprotokoll (pdf)