Norsk viltforvaltning skal skje innafor rammene av gjeldande lover og regler og internasjonale avtalar. Målet er at artane og deira genetiske mangfald skal takast vare på på lang sikt og at artane finnest i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområder.

Kommunen skal leggja tilrette for ei lokal og langsiktig forvaltning av viltressursane utfrå nærings- og rekreasjonsformål, dyreomsyn, og at bestanden av storvilt ikkje fører til skade og ulempe for andre samfunnsinteresser.

Viltvakt

Viltvakttelefonen: 99 28 60 74

  • Om det gjeld akutt sak i samband med søk etter påkøyrd hjortevilt eller anna vilt, skal du kontakte politiet på tlf. 02800 eller Sogndal ettersøkslag på 95 07 14 88.
  • Om du skal sette i gang søk etter påskote hjortevilt, og ynskjer å nytte lys i mørket, skal du varsle kommunen på viltvakttelefonen. Du skal òg varsle grunneigar og politi på tlf. 02800 før søket tek til.
  • Om du har gjennomført søk etter påskote hjortevilt, og du ikkje har fått avliva dyret innan kveld fyrste dag, skal du kontakte kommunen på viltvakttelefonen. Dette gjeld òg om dyret er kome inn i anna vald.
  • Dersom du treng å snakke med kommunen om andre akutte saker som er knytt til hjort og anna vilt, skal du kontakte kommunen på viltvakttelefonen 99 28 60 74.

Ettersøksavtale for hjortejakta 2022

Alle som jaktar hjort skal ha tilgang til godkjend ettersøkshund. Sogndal ettersøkslag sine medlemmar har godkjende og registrerte ettersøkshundar, som har bestått prøvar i medhald av forskrifta.

Ettersøksavtale 2022

Ettersøksavtale 2022 for Balestrand

Oversikt vald og jaktfelt