Den som driv daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk eller liknande utsalsstad skal sørgje for oppsetjing av avfallsbehaldarar i nærleiken av salsstaden og tømming av desse. I tillegg skal dei gjennomføre nødvendig opprydding i området. Det same gjeld dei som driv leirplass eller anna turistanlegg. Krava er fastsette i forureiningslova § 35 og i avfallsforskrifta §§ 10a-5 og 10a-6.

Utsortering av plast og bioavfall

Frå 2023 kom det krav om utsortering av plast og bioavfall (matavfall og park- og hageavfall). Frå 1. januar 2025 tredde dei vedtekne endringane i avfallsforskrifta kapittel 10 a i kraft. Dette vil sei at alle verksemder må i tillegg ha på plass kjeldesortering for:

  • Papp- og papiravfall
  • Glas- og metallemballasje 
  • Tekstilavfall  

Avfallet skal leverast som førebuing til ombruk eller materialgjenvinning. Den enkelte verksemda er ansvarleg for å ha kunnskap og dokumentasjon om avfallstypane som skal sorterast ut. Det må for kvart kalenderår kunne dokumenterast kor mykje hushaldningsliknande matavfall, park- og hageavfall, plastavfall og landbruksplastavfall som er sortert ut og levert til materialgjenvinning. Mengda skal vere oppgitt i vekt for kvar enkelt avfallstype. 

Verksemdene må ha dokumentasjon som syner at de føl krava som er sett, og denne må vere tilgjengeleg ved kontroll eller på førespurnad frå tilsynsmyndigheitene. Kommunen fører tilsyn med desse pliktene, og kan følgje opp brot gjennom å gje «dei pålegga som er nødvendige» til gjennomføring av reglane jf. § 35 fjerde ledd. 

Kva er hushaldningsliknande avfall? 

Dette er avfall som liknar på avfall frå private hushaldningar. 

Hushaldningsliknande matavfall kan til dømes vere restar frå måltid, matvarer som er vorte dårlege og må kasserast. 
Hushaldningsliknande plastavfall kan vere plastemballasje, eingongsprodukt i plast og EPS (isopor). 

Avfall kan oppstå ved at tilsette, kundar eller andre brukarar kastar dette i kantina/pauserommet, serveringsstad eller andre stadar i verksemda. 

For meir informasjon sjå rettleiar på miljødirektoratet sine nettsider