Plantevern
For å kunne bruka plantevernmidlar må du ha autorisasjonsbevis. Sjå informasjon på nettsida til Mattilsynet.
Alle som vil kjøpa og bruka plantevernmiddel i yrkesmessig samanheng, må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. Dette gjeld også ansvarshavande hos forhandlarar av plantevernmiddel. Autorisasjonen gjeld i 10 år frå teken prøve.
For å få autorisasjonsbevis er det ikkje nok å gjennomføra autorisasjonskurs og bestå eksamen. I tillegg må du vera over 18 år og kunne dokumentera yrkesmessig behov for kjøp og bruk av plantevernmiddel. Les meir om kva yrkesgrupper som kan få autorisasjon for bruk av plantevernmiddel hos Mattilsynet.
Kurset for dei som skal ha autorisasjonsbevis for første gong, består av eit teoretisk kurs, ein obligatorisk praksisdag og eksamen. For dei som skal fornya autorisasjonsbeviset, består kurset av eit obligatorisk teorikurs og ei avsluttande oppgåve. Les meir om autorisasjonskurs plantevern hos Mattilsynet.
Gnagarmiddel
For å kunne bruka enkelte gnagarmidlar treng du autorisasjonsbevis. Sjå informasjon på nettsida til Mattilsynet.
Personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom, kan få autorisasjon for å bruka enkelte gnagarmiddel.
Føresetnaden for å få ein slik autorisasjon er at ein
- har gått på tilleggskurs for gnagarnedkjemping og har bestått eksamen
- eig eller leiger ein landbrukseigedom
- har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
Autorisasjonen skal nyttast til å få bukt med mus/rotter på eigen eller leid landbrukseigedom. Veksthus blir rekna for å inngå her. Gnagarmidla kan berre brukast i og rundt bygningar, ikkje for å verna plantar/avlingar i til dømes åker. Kva preparat som vil vera omfatta av ordninga, vil komma fram på etikettane til gnagarmidla.
Regelverk og kurs
Reglane for gnagarmiddelautorisasjon er teke inn i plantevernsforskrifta.
Statsforvaltaren har ansvar for at det blir arrangert autorisasjonskurs for plantevernmiddel og tilleggskurs for gnagarmidlar med godkjende lærarar. Statsforvaltaren har også ansvar for at det blir halde eksamen og at dei som består blir registrerte i autorisasjonsdatabasen.
Tilsyn og kontroll
Kommunane (miljøretta helsevern) har ansvar for å føra tilsyn med bruk av gnagarmiddel i samsvar med forskrift om skadedyrbekjempelse. Dette gjeld også tilsyn med bønder som blir autoriserte for å bruka gnagarmiddel. Mattilsynet fører tilsyn med at bønder har autorisasjon ved bruk av gnagarmiddel. I tillegg kan Mattilsynet i høve til regelverk om næringsmiddel, fôrvarer og dyrehelse/dyrevern føra tilsyn med at gnagarmidlane ikkje blir plasserte slik at dei utgjer ein fare for mat og dyr.
Spreiefrist for husdyrgjødsel
Spreiefrist for husdyrgjødsel er styrt av sentral forskrift. Siste lovlege dag for spreiing av husdyrgjødsel er 15. september.
Ny forskrift har endringar i kor mykje fosfor du kan spreie på areala dine, i tillegg til nye føringar for gjødselplan og gjødseljournal.
Fosforkalkulator kan brukast for å finna ut kor stort spreieareal du har bruk for.