Sogn barnevern

Sogn barnevern er ei interkommunal teneste for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Barnevernstenesta har kontorstad i Sogndal (Dalavegen 2, 2.etasje). 

Hovudoppgåva til barnevernet er å hjelpe barn/ungdom og deira foreldre. Målet er at barn og unge skal få omsorg, tryggleik og høve til ei god utvikling.  

Barnevernstenesta gjer i all hovudsak ei undersøking/kartlegging av barnet og foreldra sine behov for hjelp. Nokre av tiltaka som barnevernstenesta tilbyr er råd og rettleiing, sikrar samordning av rette tenester til barn og foreldre, besøksheim, aktivitetskontakt mm. At barn ikkje kan bu heime med sine foreldre er alltid siste utveg, etter at det som regel er prøvd fleire tiltak. 

Det er omsynet til kva som er best for barnet som avgjer kva hjelp og støtte familiane får.

Besøksheim og aktivitetskontakt er nokre av den mest brukte hjelpa til familiar. Nokre gonger treng barn/ungdom fleire vaksne i livet som kan vera med å gi dei tryggleik og gode opplevingar. Dette kan vera som besøksheim eller aktivitetskontakt. Aktivitetskontakt/ støttekontakt er ofte timebasert, der ein tek med barnet/ ungdomen ut på aktivitetar.

Å vera besøksheim inneber oftast at barnet/ungdomen overnattar i besøksheimen i helgar, og/eller vekedagar. For å verta besøksheim må ein ha hjarterom og husrom til å ta i mot eit ekstra barn. Ein må ha evner til å skapa tryggleik og stabilitet for eit barn som ofte har eit auka behov for dette. Både som besøksheim og aktivitetskontakt er evne til samarbeid viktig. Ein skal her samarbeide med både foreldre, barn/ungdom og barnevernstenesta. 

Tykkjer du dette høyrest spennande ut? Ta kontakt med Sogn barnevern på tlf. 97 50 60 95 for å høyra meir om dette.

Les meir: Me treng besøksheimar og støttekontaktar til barn Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hjå foreldra sine. 

Ønskjer du å gjera ein forskjell i livet til eit barn/ungdom? Les om dette på Fosterheimstenesta si nettside. 

Du kan ta kontakt med Sogn barnevern på tlf.  97 50 60 95. Der kan du få lagt fram din bekymring eller drøfta om det er noko du kan gjere for barnet/familien. 

Send bekymringsmelding  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sogn barnevernsvakt er ei formalisert vaktordning utanom kontortid for barnevernstenestene i kommunane Høyanger, Vik, Luster og Sogndal.

Telefon 400 22 988

Hovudoppgåva vår er å hjelpe barn, unge og familiar i ein krise- og akuttsituasjon, og der ein ikkje kan vente til neste virkedag med å etablere kontakt med den lokale barnevernstenesta.

Ordninga er basert på ei vaktordning med barnevernsfagleg kompetanse tilgjengeleg på telefon og eventuelt ved oppmøte. Barnevernsvakta vil i kontakten vurdere korleis avhjelpe situasjonen fram til neste virkedag, og kva tiltak som vil vere tenlege i situasjonen.

Forutan direkte kontakt frå barn, unge og familiar, ynskjer Sogn barnevernsvakt å vere ein naturleg samarbeidspart for til dømes politiet og for lokal helseteneste (legevakt) i situasjonar der det ligg føre ein uavklart situasjon for barn og unge, og der desse treng å sikrast.

Barnevernsvakta er tilgjengeleg mellom kl.15.30 og 08.00 på kvardagar, og heile døgnet i helgar og på raude dagar/ heilagdagar. Sogn barnevernsvakt vil ikkje vere tilgjengeleg på vakttelefonen innanfor kontortid på virkedagar. Då må ein kontakte Sogn barnevern direkte på telefon 97 50 60 95.


Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?