Helsestasjonen og skulehelsetenesta er ein del av kommunen sitt førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og ungdom, og omfattar mellom anna:

  • Helsestasjon 0-5 år
  • Skulehelseteneste 
  • Smittevern
  • Utanlandsvaksinering
  • Helsestasjon for ungdom og unge vaksne (HFU/HUV)
  • Minoritetshelse

På helsestasjonen møter du desse yrkesgruppene

  • Helsesjukepleiar
  • Sjukepleiar
  • Helsesekretær
  • Jordmor
  • Psykiatrisk sjukepleiar
  • Lege
  • Fysioterapeut

Målet med helsestasjonsprogrammet er

  • at foreldre opplever meistring i foreldrerolla
  • å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • å fremma fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn, skulebarn og ungdom
  • å forebygga, avverga og avdekka vald, overgrep og omsorgssvikt
  • å avdekka fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • å bidra til at barn får oppfølging og vert tilvist vidare ved behov

Helsestasjonar i Sogndal kommune

Balestrand helsestasjon
Besøksadresse: Kong Beles veg 6

Leikanger helsetasjon
Besøksadresse: Ohnstadhaugen

Sogndal helsestasjon
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2. etasje)

Kommuniser med helsestasjonen digitalt

Helestasjonen brukar DigiHelsestasjon, som betyr at du kan kommunisera med oss via Helse Norge. Du loggar du deg inn og kan sjå timeavtalar og be om og avbestilla timar.

Betre tverrfagleg innsats (BTI)

I Sogndal kommune skal det vera søkjelys på barn og unge sin trivsel. Kommunen skal vera ein trygg stad å veksa opp i, men stundom kan ein likevel oppleva utfordringar og vanskar. Då er det ekstra viktig å bli sett og høyrt av trygge vaksne som kan hjelpa.

Sogndal kommune har frå hausten 2020 teke i bruk Betre tverrfagleg innsats (BTI) som den samhandlingsmodellen skulane og barnehagane skal bruka i arbeidet med barn og unge. Er du bekymra for eit barn, eller er du eit barn eller ein ungdom som har lyst til å snakke med nokon? Det er då viktig å vita korleis du skal gå fram for å oppsøka hjelp, enten du er barn, ungdom, vaksen eller tilsett. 

Meir informasjon om Betre tverrfagleg innsats: Sogndal – BTI – Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Sogndal kommune (betreinnsats.no)
 

 

Utanlandsvaksinering

Me har tilbod om vaksinering til deg som skal reise utanlands.

Ta kontakt med helsestasjon for timebestilling i god tid før du skal reisa.