Me som jobbar i ungdomsavdelinga skal jobba for å få til møteplassar for ungdom i alle bygdene i kommunen. Me vil at de som er unge, skal få vera med og bestemma korleis fritidstilbodet skal vera der de bur. Korleis de ungdommar har det, er viktig for oss i kommunen. Ungdomsarbeid er noko av det me skal satsa ekstra på, står det i kulturstrategien til Sogndal kommune.

Ta kontakt med oss viss det er noko du lurer på eller viss du har gode idear til korleis det kan blir endå betre å vera ungdom i Sogndal kommune!

Møteplassar for ungdom

Ungdomskjellaren

Kvar: Kjellaren på Sogndal kulturhus
Når: Måndag: 15.00–20.30, Torsdag: 15.00–20.30
Her har me mellom anna: Toast/varmmat. biljard, bordtennis, airhockey, fotballspel, Nintendo, Playstation, instrument, hobbykrok, lesehjørne, brettspel, “snekkarkrok”, partyhøgtalar/karaoke, konkurransar. Ungdomskjellaren er eit tilbod for deg som ønsker ein inkluderande og trygg møteplass der det alltid er noko å gjera, men også rom for å berre slappa av og vera deg sjølv. Ta kontakt med Jakub eller Magnus ved behov, dersom du treng assistanse, eller du ynskjer å bli kjend med lokalet i fred og ro.

BeatBox

Kvar: Blaoboxen i Sogndal kulturhus
Når: Klokka 16-20 første måndag i månaden (ikkje januar)
Kva: Møteplass for ungdom og unge vaksne (13-25 år) med mat og musikk. Varmmat og vafler, og høve til å lære instrument/jamme/lytte/henge.

Ungdomsklubben i Balestrand

Kvar: Belehalli
Når: Tysdagar frå 15-19.30
Her har me mellom anna: Playstation 5, partyhøgtalar/karaoke, pingpong, varmmat, popcornmaskin, brettspel og innimellom open hall.

Meirope bibliotek: Ope til kl. 19 onsdagar. Eiga sone for ungdom med tv, playstation og brettspel.

Ungdomsklubben på Leikanger

Kvar: I nye, ungdommelege lokale i Saften (inngang på baksida av bygget)
Når: Onsdagar 15-19.30.
Her har me mellom anna:  Bordtennis, Playstation, handbak, biljard, shuffleboard, brettspel, musikkinstrument og mykje meir. Varmmat kvar gong!

Ungdomskveldar på Kaupanger

Kva: Mat, quiz, kahoot, brettspel, padel
Kvar og når:

  • ViteMeir frå 19.30-21 dei tre siste onsdagane i månaden/datoane: 26.11., 10.12. og dei tre siste onsdagane i januar og februar.
  • Kaupanger Padel: kl. 20 – 22, første onsdag i månaden/datoane: 19.11, 3.12., 17.12., 7.1., og 4.2. Tilgang til kjøken og kafékrok, høve til å steike pizza/lage mat.

Ungdomskveldar i Fjærland

Har ikkje faste opningstider, men sporadiske arrangement, i tett samarbeid med Fjærland Ungdomslag. Pizza, toast/vaffeljern, Playstation, fotballbord, partyhøgtalar/karaoke. 

Alle ungdomsklubbane i kommunen er gratis å delta på, og alle ungdommar mellom 13 og 19 år er velkomne!

Utekontaktane

Utekontaktane jobbar førebyggande og oppsøkande med ungdom i alderen 13 til 24 år. Det er eit lågterskel tilbod som er tilgjengeleg også utanfor ordinær arbeidstid. 

Me jobbar oppsøkende ute på stader der ungdom oppheld seg, er tydleg merka med klede som gjer oss enkle å identifisere.

Rocket-Man

Rocket-Man er eit inkluderande og aktivt fritidstilbod for ungdom mellom 13 og 18 år i Sogndal kommune. Me ønskjer å skape ein trygg møteplass der ungdom kan vere seg sjølve, bli kjende med nye menneske og oppleve meistring gjennom varierte aktivitetar.

Kvar ungdom som deltek, blir kopla saman med ein aktivitetsguide – ein ung vaksen mellom 18 og 30 år som fungerer som ein «storebror» eller «storesyster». Aktivitetsguiden planlegg og deltek på aktivitetar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at alle kjenner seg inkluderte og trygge.  

Me tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar, som kan variere frå friluftsliv, trening og kreative prosjekt til matlaging, spelkveldar og andre sosiale samlingar. Aktivitetane blir tilpassa og utvikla i samarbeid med ungdomane sjølve – det er deira interesser og ønskje som står i sentrum. 

I tillegg til aktivitetsguidane har me med trygge, frivillige vaksne som støttar opp om fellesskapet og bidreg med erfaring, omsorg og engasjement. Saman byggjer me eit varmt og positivt miljø der ungdom kan utvikle vennskap, få nye erfaringar og ha det kjekt saman. 

Rocket-Man er ein del av Sogndal kommune si satsing på ungdom. Arbeidet er allereie godt i gang, og målet er å etablere eit tilbod i heile kommunen – frå Balestrand til Kaupanger – slik at fleire ungdomar kan få ein fast og trygg fritidsarena å høyre til. 

Les meir om oss her:  

Meir info i sosiale medium

  • Felles for heile kommunen: Facebook: Ungdomsavdelinga i Sogndal Kommune, Instagram: ungdomsavdelingasogndalkommune, Snap: ungdomsavdsogn
  • Sogndal: Snap: ungdomskjellar
  • Leikanger: Facebook: Leikanger Ungdomsklubb, Instagram: leikangerungdomsklubb
  • Balestrand: Instagram: balestrandungdomsklubb Snap: balestrandung