Helikoptertransport - endra praksis av helikoptertransport med hengande last: 

Det er lov å stroppe på og av i utmark utan at det er å rekne som landing, og lossing med long-line er ikkje søknadspliktig i høve Motorferdselslova. Dette er gjeldane rettspraksis i utmark, men dersom det gjeld andre regler i forhold til lågtflyging, f.eks. i verna områder, så er det desse reglene som gjeld. I mange verneområder er det forbod mot flyging under 300 meter, så i dei tilfella er det søknadspliktig også ved bruk av  «long line». 

Slik søker du 

Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark eller landingsløyve for helikopter.  

  • Legg ved kart som viser planlagt køyrerute. 

  • Gjeld søknaden transport av funksjonshemma, må du legge ved legeattest som dokumentasjon.  

  • Dersom du skal køyre over andre sin eigedom, må du ha løyve frå grunneigar. 

Har du spørsmål? 

Om du treng hjelp til å søke, eller har spørsmål, ta kontakt med tenestetorga på telefon 57 65 25 00. 

Kva er nyttekøyring? 

Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg. Sjå informasjon fråMiljødirektoratet.

Kva skjer vidare? 

Vi behandlar søknaden din innan tre veker. Det er i tillegg 3 vekers klagefrist etter vedtak, og difor bør du alltid sende søknad minst 6 veker før transporten skal føregå. 

Klage på vedtak

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet. 

Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med tenestetorga i kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer klagen.

Handheving og kontroll

Politiet og Statens naturoppsyn fører kontroll med at Lov om motorisert ferdsle i utmark og vassdrag og Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, vert overhalde.

Alle som utøver motorisert ferdsle i utmark, pliktar å la seg kontrollera, og skal på staden kunne syne fram alle dokument som er påbode å ha med under køyringa.