NAV.no https://www.nav.no/kvalifiseringsprogrammet#kort-om

Kva er kvalifiseringsprogrammet?

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod om tett arbeidsretta oppfølging. Målet med programmet er at du skal få den oppfølginga du treng for å komme i arbeid eller aktivitet. I Kvalifiseringsprogrammet får du ein rettleiar hjå NAV som har høve til å gi deg ekstra tett oppfølging.

Programmet kan innehalde:

  • arbeidsretta aktivitetar
  • utdanning og kvalifisering
  • tett individuell oppfølging og rettleiing

Programmet kan og innehalde andre aktivitetar som støttar opp under og førebur deg på overgang til arbeidslivet. Kvalifiseringsprogrammet er på 37,5 timer per veke, og du og rettleiaren din kjem saman frem til kva innhald som skal inngå i programmet ditt.

Kvalifiseringsstønad

I Kvalifiseringsprogrammet får du Kvalifiseringsstønad. Kvalifiseringsstønaden er på 2 gonger grunnbeløpet. Dersom du er under 25 år vil du få 2/3 av full stønad. Du betalar skatt av dette og har rett på ferie.

Lengda på programmet :

Programmet varer i eit år. Programmet kan forlengast med eitt år dersom du treng det.

Lurer du om du kan ha rett til programmet?

Snakke med rettleiaren din ved NAV om dette kan være noko for deg. Dersom du ikkje har ein rettleiar kan du ringe 5555 3333 og be om å få ein avtale med ein rettleiar som jobbar med Kvalifiseringsprogrammet.