Personar som ikkje er i stand til å syta for livsopphaldet sitt, eller som i særskilte tilfelle treng hjelp til å tilpassa seg eller overvinna ein vanskeleg livssituasjon, kan søka om økonomisk sosialhjelp.  
Ofte vert økonomisk hjelp kombinert med rådgjeving og krav til søkjar.

For at søknaden skal kunne handsamast så raskt som mogleg, må søknaden vera fullstendig og korrekt utfylt og dokumentasjon må liggja ved søknaden.

No kan du søka om sosialhjelp digitalt

Frå 03.04.20 kan du søka om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søka heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
For å søka sosialhjelp digitalt, må du logga deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringa NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ynskjer å nytta den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis bruka papirsøknad.

Så lenge NAV-kontoret er stengt, er søknadsskjema tilgjengeleg ved inngangsdøra til NAV Sogndal i 2. etasje på Kulturhuset i Sogndal. Der er også ein postkasse du kan levera søknaden i.

Tinghuset på Leikanger og kommunehuset i Balestrand har også søknadsskjema og mottak for søknader.

Du kan også finna søknadsskjema her.

På menyen på nav.no under sosiale tjenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no