Opplæringa er gratis for dei med rett til opplæring. Deltakarar utan rett til gratis opplæring må betale for undervisninga.

Sogndal kommune er ein nynorskkommune, og norskopplæringa vert derfor gitt på nynorsk. Forsking viser at dette ofte er ein fordel for dei vaksne elevane, blant anna med tanke på moglegheitene for vidare integrering, opplæring og/eller arbeid i kommunen og regionen.

Har du spørsmål om norskopplæring, kontakt rektor på Sogndal opplæringssenter på e-post: elisabeth.norman@sogndal.kommune.no eller telefon: 992 86 025.

Lenker:
 
Informasjon om introduksjonsprogram og språkopplæring - for deg med midlertidig kollektiv beskyttelse: