Det betyr at endringa av reguleringsplanen har vore på høyring til naboar og utvalde myndigheiter før han vart vedteken i plan- og samfunnsutvalet. Siktemålet med planendringa er å legga til rette for nytt arkivbygg for Vestland fylkeskommune på eigedommen der BAMA i dag er lokalisert.
Du kan klaga på vedtaket innan 15.02.2024. Klagen må rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal.
Du kan og krevja erstatning innan 3 år.
Om innhaldet i områdereguleringsplanen
Arealet det er gjort framlegg om å endra gjeld eigedom gbnr. 224/1/2 og er om lag 4,2 daa stort. Områdereguleringsplan for Fv. 185 Njøsavegen legg til rette for offentleg og privat tenesteyting. Planendringa har fjerna føremålet næringsbygningar, omriss av bygningar og anleggsområde der BAMA-bygget ligg i dag.
Vedtak i plan- og forvaltningsutvalet 08.11.2023
«
1. Områdereguleringsplanen skal ha eitt plankart som visar gjeldande regulering slik
Me vurderer at rammene for å utnytte eigedommen er i tråd med arealdel til
Innsyn i dokumenta til reguleringsplanen
Plankart i tråd med vedtaket:
Plankart 1
Plankart 2
Plankart 3
Alle dokument finn du i den politiske saka PS 2/2023, vel vedlegg og dokumentet du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lesa kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket. Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikla området.
Plankart med føresegner og planomtale kan skrivast ut eller sjåast på kommunehuset i Sogndal, Gravensteinsgata 17. (Opningstid 10:00-14:00). Dersom du ønskjer kopi eller utskrifter, ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
Fristen for å klaga på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 3 veker og er sett til 15.02.2024.
Klagen skal vera grunngjeven og klagar må spesifisera kva det vert klaga over og kva endringar klagar ynskjer. Dersom du klagar så seint at det kan vera uklårt om klagefristen er gått ut, ber me om at du gjev opp når vedtaket kom fram. Sakshandsamar kan gje rettleiing om framgangsmåten ved klage.
Det er mogleg å be om at iverksetjing av vedtaket vert utsett til klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.
Etter at klagefristen er ute, vil me orientera forslagsstillaren om eventuelle innkomne klager på vedtaket.
Erstatning/innløysing
Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.