Sogn PPT

Sogn PPT yter tenester til kommunane Aurland, Luster, Sogndal og Vik. 

Sogn PPT skal hjelpe barn, ungdom og vaksne med særlege behov gjennom utdanningsløpet.
Barn/elevar under 15 år kan visast til tenesta av føresette eller i samråd med barnehage/skule. Unge over 15 år kan sjølve ta initiativ til kontakt med tenesta, eventuelt i samarbeid med skulen.  Vaksne tek sjølv kontakt med tenesta.

Kva gjer PPT?

  • psykologisk pedagogisk utgreiing
  • individuell oppfølging av barn og unge
  • rådgjeving til foreldre/føresette
  • samarbeid med barnehagar og skular
  • rettleiing til tilsette i barnehage og skule
  • hjelp til overgangar i opplæringsløpet
  • hjelp til lærlingar/lærekandidatar i bedrift

Les meir på nettsida til udir