Er du innvandrar? Har du stemmerett ved valet 2025 og lurer på korleis du skal bruke denne? Eller vil du berre få meir informasjon om kva som skjer i samfunnet? Då er politisk verkstad med Sogndal innvandrarråd og Sogndal bibliotek noko for deg!
Når: 30. august klokka 14.30
Kvar: Blaoboxen på Sogndal kulturhus
Kva:
- Debatt og stand med politiske parti
- Diskusjon om norskopplæringa, jobb og arbeidstrening, barn og utdanning, helse, likestilling og diskriminering og andre aktuelle team
- Moglegheit til å stilla spørsmål til parti-representantar om partiprogamma deira
- Praktisk opplæring i korleis ein stemmer
Del gjerne denne informasjonen med nokon du tenkjer kan vera interesserte. Under finn du plakatar:
Plakat politisk verkstad alternativ1
Plakat politisk verkstad alternativ2