Tidlegrøysting

Frå 1. juli til 8. august kan du tidlegrøysta i kva som helst kommune dersom du ikkje har mogelegheit til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen.

Ta kontakt med kommunen du ønskjer å tidlegrøysta i for meir informasjon.

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøysta i kva som helst kommune frå 11. august til 5. september.

Når valet nærmar seg, finn du adresser og opningstider for alle førehandsrøystestadane i landet på valglokaler.no.

Valdagen

På valdagen må du røysta i kommunen du var folkeregistrert som busett i den 30. juni 2025. Valdagen er 8. september. (I fleire kommunar er det også mogeleg å røysta 7. september, men det gjeld ikkje for Sogndal kommune).

Du kan røysta i kva som helst vallokale i kommunen din på valdagen.

Når valet nærmar seg, finner du adresser og opningstider for alle vallokala i landet på valglokaler.no.

Røysta på Svalbard og Jan Mayen eller frå utlandet

I perioden frå 1. juli til 29. august kan du førehandsrøysta på Svalbard og Jan Mayen og på norske ambassadar og andre utanriksstasjonar eller hjå andre oppnevnte røystemottakarar.

Nærare valet finn du røystestader i utlandet på valglokaler.no.

Veljarar i utlandet som ikkje har mogelegheit til å oppsøka ein røystemottakar, kan røysta ved brevpost.

Ved brevrøysting har veljarane sjølv ansvar for at røysta kjem inn til valstyret i rett kommune innan klokken 17:00 den 9. september.

Røysta heime eller på institusjon

Veljarar som er sjuke eller uføre kan søka om å røysta heime eller der dei oppheld seg. Søknad om dette må vera komme inn til kommunen innan klokka 12:00 torsdag 4. september.

Bebuarar og pasientar på helse- og omsorgsinstitusjonar, eller innsette i fengsel, kan førehandsrøysta der.