Søknadsfrist er torsdag 4. september kl. 12.00. 

Ta kontakt med sentralbordet i kommunen på telefon 57 65 25 00 i opningstida eller send ein e-post til postmottak@sogndal.kommune.no.

To valmedarbeidarar vil komma heim til deg til avtalt tid og ha med seg nødvendig utstyr, inkludert eit røystesetelsett med listene til alle partia som stiller til val.
Veljarar som røystar heime må, som andre veljarar, kunna visa legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete. Det vil ikkje vera mogeleg å røysta heime på valdagen, måndag 8. september.