Du har røysterett dersom du oppfyller desse vilkåra:
- Norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Norsk personale ved diplomatiske og konsulære stasjonar i utlandet har røysterett uavhengig av om dei er eller har vore folkeregistrert som busett i Noreg. Det same gjeld deira husstandsmedlemmar.
Veljarar busett i Noreg blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret 30. juni i valåret.
Offentleg ettersyn
Manntal for Stortingsvalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 14. juli - 8. september på desse stadane:
- Balestrand – innbyggartorget, Holmatunet
- Fjærland - Joker
- Leikanger - Leikanger bibliotek
- Kaupanger - Coop Ekstra, avd. Kaupanger
- Sogndal - Kommunehuset
Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no, via e-dialog eller i brev til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal