Me skal legga til rette for ei god utvikling ved å hjelpa fram idear, initiativ og prosjekt som gjer kommunen vår til ein betre stad å bu og leva. Eininga jobbar særleg med følgjande satsingsområde:

  • stadutvikling og mobilitet
  • levande lokalsamfunn
  • idrett og anlegg
  • friluftsliv og livskvalitet
  • miljø og klima

Nærare omtale av desse satsingsområda kan du lesa om i Strategi for samfunnsutvikling og frivilligheit.

Samfunnsplanen til Sogndal kommune legg dei overordna premissane for kva me skal jobbe mot.

Godt samarbeid og dialog er viktig for å realisera samfunnsplanen vår. Har du ein god idé eller eit prosjekt med utviklingspotensial, tek me difor gjerne ein prat med deg.