Kva er Fritidskassa?
Fritidskassa skal bidra til at fleire barn og unge kan delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar. Idrettslag og frivillige organisasjonar kan søkje på vegner av barn og ungdom som treng støtte til å dekke kostnader.
Dette kan du få støtte til:
· Medlemskontingent
· Utstyr
· Avgifter til turneringar, cupar og leirar
· Reise- og opphaldsutgifter i samband med aktiviteten
I 2026 er ordninga finansiert av Bufdir (Inkludering av barn og unge), Sparebankstiftinga og Luster sparebank.
Midlane blir utbetalt til laget eller organisasjonen – ikkje direkte til familiane.
For idrettslag og frivillige organisasjonar
Anbefalingar:
- Utnemn ein fast kontaktperson som søkjer på vegner av medlemmar
Informer trenarar, leiarar og frivillige om ordninga - Informer medlemmar og føresette
- Søk når familiar eller unge tek kontakt om økonomiske utfordringar
- Les retningslinjene og ivareta teieplikt · Registrer aktiviteten dykkar i VI Fritid Sogndal Vi Fritid | Sogndal
Når økonomi kan vere ein barriere
Trur laget eller organisasjonen at økonomi står i vegen for deltaking, bør de informere familien om at Fritidskassa kan nyttast. Trenaren tek kontakt med den oppnemnde kontaktpersonen, som sender inn søknaden.
For føresette, barn og unge
Ta kontakt med idrettslaget eller organisasjonen som tilbyr aktiviteten, og sei at du/ditt barn ønskjer å bruke Fritidskassa. Laget vil hjelpe dykk med søknaden.
Dersom familien får ytingar frå NAV
Det kan òg vere mogleg å få støtte til fritidsaktivitetar gjennom NAV. NAV vurderer blant anna utgifter til fritid, telefon/internett, transport og helse som ein del av livsopphaldet, og tek særleg omsyn til barn og unge sine behov.
Utstyrssentralar
Sogndal kommune har utstyrssentralar i:
- Balestrand
- Leikanger
- Sogndal
Her kan du låne utstyr heilt gratis.
Utstyrssentralar - SOGNDAL KOMMUNE
Meir informasjon
- Helsesjukepleiar og andre kommunetilsette kan hjelpe deg med å finne aktivitetar i nærmiljøet og med å formidle behov for støtte til aktuelt lag/organisasjon.
- I VI Fritid Sogndal finn du oversikt over aktivitetar, info om utstyrssentralane, informasjon på fleire språk og nyttige lenker.
Sogndal kommune, Sogn kulturskule og fleire lag og organisasjonar har også eigne støtteordningar som inkluderingsfond og fritidsmidlar.
Føremål
Fritidskassen i Sogndal skal leggje til rette for at fleire barn og unge kan delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar.
Kven kan søkje?
Berre idrettslag, frivillige organisasjonar og Sogn kulturskule kan søkje på vegner av barn, unge og familiar. Privatpersonar kan ikkje søkje sjølve. Idrettslag og frivillige organisasjonar skal peike ut ein eller to faste kontaktpersonar som søkjer på vegner av laget/organisasjonen.
Målgruppe
Barn og unge busette i Sogndal kommune i alderen 0–24 år, som har behov for økonomisk stønad for å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar. For å nå flest mogleg, blir det i hovudsak gitt stønad til éin fast årleg aktivitet per person.
Kven kan det søkjast om stønad til
- Medlemskontingent, lisens, trenings- og aktivitetsavgift
- Kostnader til nødvendig utstyr (klede, sko, ski, sport- og aktivitetsutstyr m.m.)
- Leirar og cupar
- Reise, transport og måltid i samband med cup/leir
- Fleksibillett/klippekort til t.d. Lustrabadet eller Vesterland. (Lista er ikkje uttømmande og kan endrast gjennom året.)
Det kan ikkje søkjast om stønad til:
– Medlemskap på treningssenter
– Skulefritidsordning
– Lommepengar ved reise
Kor mykje kan det søkjast om?
- Medlemskontingent, lisens og trenings-/aktivitetsavgift: inntil 5 000 kr per år
- Utstyr: inntil 2 000 kr
- Deltakaravgift til cup/leir: ingen maksgrense
- Måltid/reise/transport (billigaste reisemåte): inntil 2 500 kr
- Fleksibillett/klippekort (t.d. Lustrabadet/Vesterland): eit kort per person per år
Søknader blir vurderte individuelt. Det kan bli gitt heilt eller delvis støtte innanfor maksgrensene.
Dette må vere med i søknaden
Søknaden som blir sendt til kommunen, skal vere anonymisert. Kontaktperson som sender søknad må fylle ut følgande:
- Namn og kontaktinformasjon for kontaktperson
- Idrettslag/organisasjon
- Alder på barnet
- Type fritidsaktivitet
- Kategori for stønad, til døme: «Deltakaravgift», «utstyr», «deltakaravgift cup/leir» og så vidare.
- Summen det vert søkt om
Krav til ordninga
Det blir ikkje stilt krav om dokumentasjon av privatøkonomi. Ordninga er tillitsbasert.
Lag/organisasjon må likevel kunne dokumentere at midlane er nytta i tråd med søknaden dersom kommunen ber om dette i samband med kontroll.
Kriterium for å kunne søkje
- Idrettslag/frivillig organisasjon skal sikre trygge og gode rammer for barn og unge, og ha rutinar og etiske retningslinjer som ivaretek tryggleik. Det krevst naudsynt opplæring, referansesjekk og politiattest for dei som jobbar med barn og unge.
- Det skal ikkje stillast krav om dokumentasjon av privatøkonomi frå foreldre/føresette eller barn/unge.
- Lag/organisasjon skal organisere søknadsprosessen på ein måte som ikkje verkar stigmatiserande. Det skal vere klare interne rutinar for teieplikt hos trenarar og kontaktpersonar.
Korleis søke om stønad?
Til føresette/barn og unge:
Ta kontakt med idrettslag/frivillig organisasjon og sei at du/ditt barn ynskjer å bruke støtteordninga.
Til lag/organisasjonar:
I dei tilfella der idrettslag/frivillig organisasjon trur økonomi kan vere ein barriere for eit barn eller ungdom si deltaking bør idrettslag/frivillig organisasjon informere familie/føresette om at tilskotsordninga kan nyttast.
Trenarar i lag/organisasjon tek kontakt med oppnemnd kontaktperson i sin organisasjon som søker på vegner av familie/barn og unge.
Trykk på lenke til søknadsskjema under for å søke.
Søknadshandsaming
Søknadshandsaming
- Søknader blir handsama fortløpande av kommunen.
- Midlane blir utbetalt direkte til lag/organisasjon etter godkjend søknad.
- Søknader skal sendast elektronisk via skjema på nettsida.
- Søknadar blir vurderte individuelt, og beløpet det blir søkt om kan bli innvilga heilt, delvis eller avvist, innanfor dei fastsette maksbeløpa
- Det skal sendast éin søknad per person.
- Kvar søknad kan berre gjelde éin aktivitet/medlemskap.
- Tilbakemelding kan ventast innan 14 dagar.
Evaluering
Ordninga blir evaluert innan desember 2026.
