Søknad om driftstilskot til kultur og idrett

Ny kommune skal i løpet av 2020 utarbeide nye og felles retningsliner for tilskot til kultur og idrett. Det betyr at lag og organisasjonar som fekk tilskot til drift i 2019, kan vente tilskot i 2020 på nivå med fjoråret, og etter dei retningslinene som var i dei gamle kommunane. 

Merk likevel at alle må senda inn søknad. Unnataket er institusjonar eller arrangement som har hatt fast årleg løyving. Dei treng ikkje søke.

Søknadsskjema

Dersom du avsluttar utfylling av skjemaet utan å sende det inn, noter ned referansenummeret. Då kan du fortsetje der du gav deg ved å skrive inn referansenummeret på framsida av søknaden.

Prosjekttilskot 

Lag, organisasjonar eller andre som ynskjer å fremja søknad til prosjekt eller eingongstiltak, må og søkje innan fristen. Denne tilskotsramma er avgrensa.  

Søknadsfrist 1. mai.
Har du spørsmål, send desse til postmottak@sogndal.kommune.no  

Oversyn over tidlegare tilskot til kultur- og idrettsføremål

Retningslinjer kulturmidlar gamle Sogndal kommune

Retningslinjer kulturmidlar gamle Leikanger kommune