Alle bygningar med innlagd vatn må og handtere avløpsvatn på ein forsvarleg måte for å unngå ureining og helsefare. Utslepp av sanitært avløpsvatn i Sogndal kommune er regulert i lokal forskrift, samt i forureiningsforskrifta og ureiningslova. Forskrift for utslepp av sanitært avløpsvatn for mindre avløpsanlegg i Sogndal kommune gjeld alle private avløpsanlegg som handterar avløp frå mindre enn 50 personar. Mindre avløpsanlegg kan vere naturbaserte (infiltrasjonsanlegg og våtmarksfiltre) eller prosesstekniske anlegg (minirenseanlegg) eller ein kombinasjon av desse. I område med utslepp til sjø kan slamavskiljar nyttast som einaste rensetrinn.

Sogndal kommune pliktar å føre tilsyn med dei mindre avløpsanlegga etter forureiningsforskrifta kap. 12, og dette vert kosta av det årlege gebyret som alle anleggeigarar betalar. Gebyret er uavhengig av kva tilsynsoppgåver som er utført inneverande år og finansierar alt kommunalt arbeid for å hindre ureining frå små avløpsanlegg, mellom anna:

  • oppfølgjing av anlegg som ikkje fungerar slik dei skal
  • innspel til kommunale eller private oppryddingsplanar med felles eller enkelthus anlegg
  • kontroll av avløpsanlegget ved tømming
  • prøvetaking og analyse av vassprøvar frå minirenseanlegg og gråvassanlegg
  • kontroll av utsleppspunkt og oppstuving i infiltrasjonsareal via peilerør
  • analyse av vassprøvar frå lokale vasskjelder og vassdrag
  • rapportering til nasjonale myndigheter

Tilsynsplan for mindre avløpsanlegg i Sogndal kommune er ein langsiktig plan for tilsynsarbeidet. Den skildrar status for spreidde avløp i Sogndal kommune, korleis oppryddinga kan gå føre seg, og korleis kommunen kan sikre ein open, informativ og ryddig prosess og samstundes skape auka engasjement for eit betre vassmiljø. Planen bidreg til at kommunen kan jobbe systematisk for å oppfylle sine plikter i høve ureiningslova og ureiningsforskrifta, og dei mål som er sett for vassmiljø i vassforvaltingsplan for Indre Sogn.

Kva bør du vite om ditt avløpsrenseanlegg?

Som anleggseigar må du:

  • Setje deg inn i utsleppsløyvet frå kommunen. Her finn du relevant informasjon og vilkår som gjeld for anlegget ditt.
  • Ha kjennskap til og syte for at anlegget blir drive og vedlikehalde slik at det fungerer i samsvar med forskriftene. Alle avlaupsanlegg krev ettersyn og vedlikehald av eigar kvart år. Det er eigar aleine som er ansvarleg for at anlegget er i forskriftsmessig stand.
  • Alle minireinseanlegg og biologiske filter skal ha serviceavtale med eit godkjent føretak.
  • Gje tømmefirma og servicefirma tilgang til anlegget.
  • Syte for at tømming og service blir utført med jamne mellomrom.
  • Følgje opp ev. tilbakemeldingar frå tømmefirma, servicepersonell eller kommunen.
  • Sikre alle lokk på ein god nok måte.
  • Overføre rettar og plikter til ny eigar når eigedommen blir seld.
  • Syte for å ha relevant informasjon om anlegget når kommunen melder tilsyn.
  • Syte for skriftleg og tinglyst avtale for fellesanlegg og anlegg på annan mann sin grunn.

Les meir om avløpsreinseanlegg

Har du eit infiltrasjonsanlegg kan du ta ein titt på denne sjekklista
 

Finst det eit utsleppsløyve og vert vilkåra i løyvet etterfylgd?

Sidan 1986 er det krav om at alle som slepp ut sanitært avløpsvatn må ha utsleppsløyve. Er utsleppet etablert før dette, kan det fortsatt vere lovleg, så framt det ikkje ureinar. Har du ikkje utsleppsløyve bør du ta kontakt med kommunen.
 

Har du planar om å utbetre avløpsanlegget ditt?

Mykje av tilsynsgebyret vert nytta til oppfølging av eldre avløpsanlegg som har vorte eit akutt ureiningsproblem i sitt lokalmiljø. Avløpsanlegg som er meir enn 20 år gamle, kan ikkje ventast å tilfredsstille dagens reinsekrav. Dette skuldast mellom anna at rensekrava er vorte strengare, anlegga må tole høgare vassforbruk enn tidlegare, tekniske komponentar har avgrensa levetid og infiltrasjonsareal vert metta og må skiftast ut. Avhengig av oppbygning og belastning kan også avlaupsanlegg som er vesentlig yngre enn 20 år trenge utbetring.

Vi oppmodar om å kontakte kommunen før du gjer arbeid på avløpsanlegget ditt. Mange avløpsanlegg står for tur til å få pålegg om utbetring for å tilfredstille til dagens rensekrav. Om du gjer ei mindre utbetring no, kan det vere bortkasta pengar dersom vi krev andre typar utbetringar i næraste framtid, eller dersom det vert planlagd felles avløpsanlegg i ditt område.
 

Dette må du gjere om du har fått varsel om feil/mangel på avløpsanlegget ditt, med krav om utbetring:

Etablering av nye utslepp, og utbetring av eksisterande utslepp er søknadspliktig etter plan og bygningslova, med mindre det er snakk om reparasjon av eksisterande komponent, eller utbytting av ein komponent med identisk utforming, storleik og material (SAK §4-1 d.)

Etablering av nye utslepp og vesentleg auke i eksisterande utslepp er og søknadspliktig etter forureiningsforskrifta.

Sanitæranlegg - avløp/utslepp spreidd busetnad (KF-363)

Ta kontakt med ein fagkyndig for å få råd om utbetring eller etablering av utslepp.
 

Nokre omgrep:

  • Avløpsvatn: Det vatnet som er brukt inne i huset, til toalett (svartvatn) og bad eller kjøken (gråvatn). Svartvatn og gråvatn samla, kallast spillvatn.
  • Slamavskiljar/septiktank: Ein eller fleire tankar der avløpsvatnet samlast. Slammet vert heldt tilbake i slamavskiljar, mens vatnet vert ført vidare til grøft/basseng eller resipient.
  • Resipient: er den vassførekomsten som mottar ureining frå avløpsanlegg. Resipient for infiltrasjonsanlegg er grunnvatn. Resipient for alle andre typar anlegg er overflatevatn (bekk, elv, sjø, innsjø, tjern).
  • Tett tank: Ein tank der avløpsvatn går inn, men ikkje ut. Den skal være heilt tett og må tømmast av renovatør/slamtøymar.
  • Dykk: Det er denne som dukkar utløpet frå slamtanken og gjer at slam ikkje renn ut i grøft/basseng. Dykkaren sitt på røret ut frå slamavskiljar/septiktank.
  • Skillevegg: Nokre slamavskiljarar/septiktankar er delt i fleire rom/kammer. Veggen mellom rom/kammer kallast skiljevegg.
  • Fordelingskum: Ein eigen kum mellom slamavskiljar/septiktank og grøfter/basseng. Det går fleire røyr ut frå fordelingskummen. Kummen sørgar for at avløpsvatnet vert jamt fordelt i grøft/basseng.
  • Pumpekum: Tilsvarande som fordelingskum, sørger denne for at avløpsvatn fordelast jamt i grøft/basseng.