Kven får varsel om avlesing?

Om du har registert mobiltelefonnummeret ditt i offentlege register, eller om me alt har nummeret ditt, vil du få eit varsel på SMS.

Me varslar eigarrepresentant, rekningsmottakar eller kontaktperson knytt til eigedommar som har installert vassmålar.

Me kan overstyra utsendinga av SMS. Det betyr at me for enkelte eigedomar berre sender ut avlesingskort. Det vil også bli sendt ut avlesingskort om me ikkje finn mobilnummer.

Når me deg som privatperson?

Det er to ulike register du kan registera deg i for at me skal nå deg. (Her kan du også kontrollera om du alt er registrert).

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette nasjonale kontaktregisteret bør du legga inn både mobiltelefon og e-postadresse. Mange offentlege instansar vil bruka informasjonen her for å nå deg.
  2. www.varslemeg.no er eit tilleggsregister kopla opp mot Varsling24 og varslingssystemet til kommune.

Dersom me ikkje finn deg her, vil me gjera eit siste forsøk på 1881.no.

Når me deg som bedrift?

Bedrifter må registrera nøkkelpersoner ved å gå inn på linken www.varslemeg.no.
Telefonnummer til bedrifter kan ikkje hentast frå andre kanalar.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel, nytta det mobilnummeret du svara via eller det nummeret du oppgir saman med avlesinga på www.leseav, eller på svarslippen.

Ved feil

Om du får ein SMS som du meiner er send til feil nummer, ber me deg om ikkje å svara på denne. I tillegg må den som får ein feilsend SMS, sjekka opplysningane sine i offentlege register og på 1881.no.

Løysinga fungerer ikke som ein innbyggardialog. Det er inga manuell oppfølging.

Har du spørsmål, ta kontakt med innbyggartorget på tlf. 57 65 25 00.