Eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er valde for fire år. Og no, etter kommunestyre- og fylkestingsvalet, skal det veljast nye råd.

- Godt grunnlag

- Det har vore ein krevjande fireårs periode for råda. Men med god hjelp frå sekretæren meiner råda at dei har lagt eit godt grunnlag for at dei i neste fireårsperiode kan fungera godt som talspersonar for gruppene dei representerer, seier Knut Henning Grepstad, som har vore leiar for eldrerådet.

Råda har handsama dei fleste sakene i felles møte.

- Me har hatt godt samarbeid. Men råda meiner det er viktig at kommunen har to råd, eitt eldreråd og eit råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Det sikrar nødvendig brei representasjon frå dei gruppene råda skal representera, seier Grepstad.

Det siste av dei lovpålagde råda, ungdomsrådet, er valt for to år. Også her ynskjer me no forslag til nye medlemmer.

I tillegg til dei tre lovpålagde råda, har Sogndal kommune:

Desse råda skal også veljast for ein ny periode, og du kan senda inn forslag til kandidatar.

Frist 8. oktober

Det er det nye kommunestyret som vel råda.

Du kan senda forslag til kandidatar på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no

eller med brev til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal

Fristen er 8. oktober 2023.

Skjema for å senda inn kandidatar