Følgjande er valde til innvandrarråd for perioden 2020-2023:  

Namn Rolle E-post
Tuba Ardic  Leiar ardictuba@gmail.com
Yvonne Nshimirimana  Nestleiar yvonne.nshimirimana@sogndal.kommune.no
Berhanu Erana  Medlem  
Ryan McEvoy  Medlem  
Saleh Ali-Saleh  Medlem  
Simone Stibbe  Medlem simone@skald.no
Yonas Ghilamicael Ghebre  Medlem yonasghilamicael@gmail.com
Tewelde Tesfay  1. varamedlem Tewelde.mebrahtu100@gmail.com
Irene Uwamahoro 2. varamedlem  
Rimonda Almansur 3. varamedlem  

Sogndal innvandrarråd er etablert innan den kommunale rådsstrukturen. Rådets medlemmer er valt av kommunestyret for fire år, og sit i same tidsrom som dei folkevalde. Rådmann stiller sekretær for innvandrarrådet. Sekretær deltek på utvalets møter med talerett.

Val og samansetting
Innvandrarrådet har 7 medlemmer. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.
Innstilling av kandidatar skjer i regi av innvandrarorganisasjonane sjølve ved val på deira allmøte. Det er eit mål at begge kjønn skal vera representert.
I følge IMDI er det eit suksesskriterium at dei ulike innvandrarressursane / organisasjonane møtest og sjølv peikar ut representantar. Eit slikt allmøte kan kommunen ta initiativ til. Endeleg val skjer av Formannskapet.

Mynde og ansvarsområde
Rådet skal fungere som eit rådgjevande organ for kommunen. Rådet kan i tillegg og på eige initiativ ta opp saker som vedkjem til dømes tenester som har betydning for innvandrarar, flyktningar og arbeidsinnvandring i kommunen.

Rådet har rett til å få informasjon om alle saker som har betydning for målgruppa, her under tenester og levekår, samt rådmannen sitt budsjettframlegg, handlingsprogram med økonomiplan og andre relevante plandokument. Rådet pliktar å utarbeide årleg rapport om si verksemd, som skal presenterast kommunestyret. Den viktigaste oppgåva rådet har er å gje signal til politikarane om alle flyktning- og innvandringsrelaterte spørsmål.

Møte og talerett
Leiar for komité for samfunnsutvikling, eller den som vert peika ut, har møte- og talerett.