Kven kan søke?

  • Eigaren av anlegget.
  • Kommunar og fylkeskommunar.
  • Samanslutningar under NJFF, DFS og Norges bilsportforbund.
  • Lag og foreiningar registrert i frivilligheitsregisteret (unntak hyttevelforeiningar).
  • Grupper organisert under Friluftsrådenes landsforbund, Norsk friluftsliv, Den Norske turistforening, Norsk kennelklubb og Norsk organisasjon for terrengsykling.
  • Aksjeselskap, andelslag eller andre samvirke som oppfyller krava til organisasjonsform. Vedtekter leggjest ved søknaden.

Kva kan det søkast om tilskot til?

  • Bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, friluftslivsanlegg og nærmiljøanlegg som er open for allmenn idrettsleg verksemd eller eigenorganisert aktivitet, som ikkje er underlagt kommersielle interesser.
  • Kjøp og innreiing/ ombygging av eksisterande anlegg.
  • Universell utforming av tidlegare oppførte anlegg.

Spelemiddelsøknader vert delt i to hovudgrupper; ordinære anlegg og nærmiljøanlegg.

Kor mykje kan det søkast om tilskot til?

Ordinære anlegg

Hovudregelen er at det vert utrekna eit tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad, ut i frå satsar for den enkelte anleggstype. Nedre grense for søknadsrettkomne kostnader er kr 150 000, og då med eit tilskot på kr 50 000. 

Nærmiljøanlegg

Hovudregelen er at det vert utrekna eit tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad. Tilskot er avgrensa til kr 300 000 pr. anleg/element. Nedre grense for søknadsrettkomne kostnader er kr 50 000, og då med eit tilskot på kr 25 000. 

Kva krav gjeld for anleggsplanane?

Planane for anlegget må vere i tråd med krav og retningslinjer fastsett i føresegnene for den enkelte anleggstype. Ein må foreta idrettsfunksjonelle vurderingar av planane etter mål, utforming, funksjonalitet, estetikk, miljø og økonomi etter nærare kriterium for dei ulike anleggstypane. 

https://www.godeidrettsanlegg.no/ 

Se våre veiledere - Tverga

Kva skal spelemiddelsøknaden innehalde?

  • Behovsoppgåve
    • Type anlegg
    • Dimensjon og innhald
    • Brukarar og lokalisering
    • Barn og unge sine behov
    • Kommunale planar
  • Omtale/skisse/bilete av korleis universell utforming er ivareteke.  Sjå veileder for universell utforming av idretts- og nærmiljøanlegg.
  • Ved rehabilitering skal tilstandsrapport ligge ved søknaden.
  • Detaljert kostnadsoppsett. Skil tydeleg mellom dugnadsverdi og kontantutgifter.
  • Finansieringsplan med dokumentasjon av finansieringspostane, t.d. lånetilsegn, tilsegn om tilskot, eigenkapital, anna offentleg støtte og dugnadsverdi. 

Har du rett til bruk av grunn?

Retten skal vere dokumentert og ha heimel i eit av følgjande tilhøve:

  • Tinglyst eigedomsrett
  • Tinglyst feste-/leigerett på minimum 30 års lengd (10 år for nærmiljøanlegg)
  • Avtale på minimum 30 års lengd for anlegg på kommunal, fylkeskommunal eller statleg grunn. 
  • Avtale på minimum 20 års lengd med grunneigarar om bruk av grunn for turvegar til ordinært anlegg. For turvegar, skiløyper og turstiar skal rett til bruk av grunn for nærmiljøanlegg ha heimel i avtale på minimum 10 års lengd, med automatisk fornying for 10 år om gongen, om ingen av partane seier opp avtalen innan eit år før avtaletida går ut. 

Utbetaling av spelemidlar

Første utbetaling skjer etter at søkjar har fått tilsegn om tilskot og kommunen kan stadfeste at anleggsarbeidet er starta opp. Inntil 85 % av tilsegnssummen blir då utbetalt. Sluttutbetaling av resterande 15 % skjer etter at sluttrekneskapen er godkjent. 

Kva skal sluttrekneskapen innehalde?

  • Riktig utfylt rekneskapssamandrag, jf. føresegner frå KUD kap. 5, med underskrift av anleggseigar. 
  • Dugnadssum i rekneskapssamandraget kan ikkje vere høgare enn i kostnadsoverslaget.
  • Underskrift frå kommunen på rekneskapssamandraget som stadfesta at anlegget er fullført i samsvar med godkjente planar. Eventuelt ferdigattest frå kommunen. 
  • Eige anleggsrekneskap med oppstilling som svarar til saldobalanse/hovudbok med tilhøyrande underdokumentasjon. Vedlagte bilag og bilagsoversikt. Bilagsnummer skal kunnne sporast tilbake til anleggsrekneskapet. 

Last ned rekneskapsskjema i anleggsregisteret

Viktige datoar

  • 10. oktober: Frist for innsending av spelemiddelsøknad til kommunen.
  • 15. januar: Frist for samla oversending av spelemiddelsøknader frå kommune til fylkeskommnunen.
  • Mai: Kulturdepertamentet legg ramma til fordeling.
  • 15. juni: Fylkeskommunen innstiller søknadane.
  • 15. juni: Nytt søknadsår. Søknadsportalen vert opna.