NVE sende ut varsel om fare for flaum, og jord-, sørpe- og flaumskred på oransje nivå for Vestland, gjeldande frå onsdag 12. januar. Tysdag oppgraderte NVE varselet om jord-, sørpe- og flaumskred til raudt nivå for følgjande kommunar i Vestland: Sogndal, Stryn, Gloppen, Sunnfjord, Sogndal, Luster, Lærdal og Årdal.

NVE oppmodar folk om å starta førebuande tiltak alt no, og peiker på at det er viktig å halda stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan føra til skred. Sogndal kommunen ber innbyggarane følgja oppmodingane frå NVE.

Det er venta at det vil gå svært mange jord-, sørpe- og flomskred. Fleire kan få store konsekvensar. Det er venta 100-150 mm nedbør, lokalt nærmare 200 mm i perioden onsdag-torsdag.

Les meir om eigenberedskap: Dette bør du ha heime | Sikkerhverdag