Oppgåvene til barnehagemynde:

  • Gjere vedtak om godkjenning av barnehagar
  • Kommunalt tilskot til godkjende private barnehagar
  • Ivareta rett til barnehageplass i hovudopptaket til kommunen
  • Rettleiing i forståing av barnehagelova med forskrifter
  • Tilsyn av kommunale og private barnehagar
  • Handsame søknader om dispensasjonar
  • Gjere vedtak om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne
  • Handsame søknader om moderasjon
  • Handsame klager 

Andre oppgåver som føljer av barnehagelova med forskrifter. 

Barnehagemynde kan gi pålegg om å rette opp ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjende eller godkjenningspliktige verksemder. Dette skal sikre barn sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane. 

Å sjå til regelverksetterleving inneber både å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og bruke verkemidla så barnehageeigars praksis er i samsvar med regelverket. Risikovurderingar skal liggje til grunn når barnehagemynde vel verkemiddel.  Barnehagemynde må ha kunnskap om regelverket og barnehagane i kommunen når ein skal vurdere risikoen for brot på regelverket.

Rolla til barnehagemynde                                                                                                                        

For å vareta rettstryggleiken til alle kommunale og private barnehagar i Sogndal kommune og sikre legitimiteten av arbeidet, er eigarrolla til kommunen i barnehagesektoren skilt frå barnehagemynderolla.

Meir informasjon om kommunen sin rolle som barnehagemynde finn de her: Kommunens rolle som barnehagemyndighet | udir.no

 

Kontaktinformasjon til barnehagemynde i Sogndal kommune: 

Marie Holen Ovrid

E-post marie.holen.ovrid@sogndal.kommune.no 

Telefon 90202413