Brukarkonto i Feide

Elevane i Sogndalsskulen får ein digital brukarkonto i Feide. Denne kontoen gir tilgang til ei rekke digitale læremiddel og læringsressursar, som skulane gradvis tek i bruk med elevane, tilpassa etter alder. 

Feide er identitetsløysinga til Utdanningsdirektoratet for sikker innlogging og datadeling i utdanning og forsking, og vert nytta i Sogndal kommune for tilgang til skuleressurser for elevar og tilsette.

For elevar

Elevar som går på skule i Sogndal kommune kan få passordet sitt ved å ta kontakt med kontaktlærar på skulen. Dei vil kun gje passord til eigar av brukarkontoen. Det same gjeld dersom eleven har gløymd passordet, og treng å få laga eit nytt. Elevar må alltid hugse å endre førstegangspassordet sitt. Skulane skal gje god opplæring i passordhandtering. Det er ein av dei grunnleggande ferdigheitene elevane skal lære seg for trygg bruk.

For tilsette

Tilsette i Sogndal kommune kan resette eige passord via denne lenka.

Alternativt kontakte skulen sin IT-kontakt eller melde sak til IT-avdelinga.

Bruk av Microsoft 365 education

I tillegg til Feide får elevane tildelt ein brukarkonto med Microsoft lisens. I undervisinga nyttar elevane ulike læringsverktøy frå Microsoft og Teams som LMS-system. IKT har sett opp avgrensing for chat i Teams alt etter alder og rolle. Vidare har me stengt for bruk av Microsoft reflect.

Visma skuleadministrativt system

Som skuleadministrativt system nyttar kommunen Visma flyt skule med tilhøyrande app Minskole. 

Oversikt over digitale læremiddel, -ressursar og appar

Me jobbar med ei løysing som gir oversikt over alle dei digitale læremidla, ressursane og appane som er i bruk i Sogndalsskulen. Denne løysinga vil òg gje brukarar oversikt over vurderingar som er gjort før skulane kan ta tenestene i bruk.

Inntil vidare kan du i venstremenyen lese om læringsplattformen vår Skolestudio frå Gyldendal og bruk av Minecraft i undervisinga.