Den nye hovudtakseringa vart gjennomført på grunn av kommunesamanslåinga mellom tidlegare Sogndal, Leikanger og Balestrand kommunar frå 1. januar 2020, jf. eigedomsskattelova § 13. Dette for å få like takseringsretningslinjer og likt verdimålingstidspunkt (1. januar 2021) for heile kommunen.

For bustadeigedomar som får formuegrunnlag (bustadverdi) frå skatteetaten, vert formuegrunnlaget nytta som skattetakst. Slike bustadeigedomar har difor ikkje vorte kommunalt takserte.

For alle bustadeigedomar og fritidseigedomar er det lovpålagt å nytta 70 % av skattetaksten som eigedomsskattegrunnlag, jf. eigedomsskattelova § 8 A-2.

Eigedomsskatten er utskriven etter eigedomsskattelova § 3 a.

Eigedomsskattelister og skattesetlar

  • Det vert sendt ut eigne eigedomsskattesetlar (informasjon om skattetakst og skattebeløp) for 2021. Elektronisk utsending til Digipost/Altinn, men per brev til eigar av skatteeigedom som bur i utlandet. Grunna utfordringar med den digitale utsendinga, vil nokre av innbyggjarane i kommunen få skattesetelen tilsendt to gonger. Me beklager dette.
  • Skattesetelen blir send til den som er registrert av kommunen som eigarrepresentant for skatteeigedomen.
  • Eigedomsskatteliste for 2021 vert lagd ut til offentleg ettersyn i 4 veker frå 28. juni på følgjande stader:
    • Innbyggartorget på kommunehusa i Sogndal, Leikanger og Balestrand
    • Biblioteka i Sogndal, Leikanger og Balestrand
    • Fjærland busenter

Skattesatsar for 2021

Kommunestyret vedtok i desember 2020 skattesatsar for eigedomsskatt 2021 i samband med vedtak av årsbudsjett for 2021/økonomiplan for 2021-2024.

For bustadeigedomar og fritidseigedomar i Sogndal og Leikanger er eigedomsskatten skriven ut med kr 2,60 for kvar kr 1 000,- i takstverdi (2,6 promille). For bustadeigedomar og fritidseigedomar i Balestrand er eigedomsskatten skriven ut med kr 0,86 for kvar kr 1 000,- i takstverdi (0,86 promille).

Eigedomsskatten er skriven ut med kr 7,- for kvar kr 1 000,- i takstverdi (7 promille) for næringseigedom, energianlegg (kraftanlegg og kraftnettet), naust, tomter (bustad, fritid, næring og naust) og særskilde skattegrunnlag (jf. overgangsregelen i eigedomsskattelova).

Kommunestyret har vedteke, i samsvar med eigedomsskattelova § 13, at skattesatsen i Balestrand for bustadeigedomar og fritidseigedomar skal aukast til 1,72 promille for skatteåret 2022 og til 2,6 promille i skatteåret 2023. Frå og med skatteåret 2023 vil det altså vera lik skattesats for bustadeigedomar og fritidseigedomar i heile kommunen.

Fritak for eigedomsskatt

Det er kommunestyret som avgjer om det skal gjevast fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7, og det kan gjevast heilt eller delvis fritak. Fritaksvedtaket til kommunestyret skjer i desember kvart år i samband med vedtak av neste årsbudsjett/økonomiplan, jf. eigedomsskattelova § 10. Fritak for eigedomsskatt gjeld for eitt år av gangen.

Kommunestyret vedtok i desember 2020 at eigedomar som hadde hatt fritak for eigedomsskatt for skatteåret 2020, også skulle få fritak for eigedomsskatt for skatteåret 2021.

Følgjande fritakspunkt i eigedomsskattelova § 7 vert nytta i Sogndal kommune for 2021:

  • § 7 a. Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten
  • § 7 b. Bygning som har historisk verde

Betalingsfrist

Betaling av eigedomsskatt for 2021 skjer i to terminar:

  • 1. termin med forfall 1. august
  • 2. termin med forfall 15. oktober

Dersom eigedomsskatten for ein eigedom er mindre enn kr 300,- vert det ikkje skrive ut eigedomsskatt, jf. eigedomsskattelova § 14.

Spørsmål om eigedomsskatt

Har du spørsmål om eigedomsskatt, kan du ta kontakt med kommunen sitt eigedomsskattekontor. 

Telefonnummer til innbyggartorget: 57 65 25 00

Klage på eigedomsskatten

Eigedomsskattesetelen viser korleis eigedomsskatten din er fastsett (herunder skattetakst og eigedomsskattegrunnlag for eigedomen din).

Du kan klage på utskriven eigedomsskatt for 2021 dersom du meiner fastsett skattetakst/utskriven eigedomsskatt for eigedomen din er feil. Klage må gjevast inn skriftleg innan 6 veker etter at eigedomsskatteliste for 2021 vart utlagd til offentleg ettersyn, jf. eigedomsskattelova § 19. Klagefrist er såleis innan 10.august i år.

Det er viktig at du sender klagen til rett klageinstans:

Eigar av bustadeigedom som får formuegrunnlag (bustadverdi) fastsett av skatteetaten, må ta kontakt med skatteetaten. Kommunen er ikkje klageinstans for slike bustadeigedomar. Ved utskrivinga av eigedomsskatt for 2021, vert det nytta skatteetaten sitt formuegrunnlag (bustadverdi) frå inntektsåret 2019. Meir informasjon og kontaktinformasjon finn du på skatteetaten.no.

Klage på kommunalt takserte skatteeigedomar skal sendast til Sogndal kommune ved eigedomsskattekontoret, helst på e-post, men du kan også klage per brev:

​E-post: postmottak@sogndal.kommune.no

Postadressse:
Sogndal kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 153
6851 Sogndal