🏡 Vil du bu i vakre Balestrand?
No har Sogndal kommune fleire flotte bustadtomter i Balestrand klare for sal! Her får du moglegheita til å byggje draumehuset ditt i eit triveleg og etablert bumiljø, med naturen rett utanfor døra og kort veg til både tilbod og tenester.
Akkurat no har me tomt 9, 10 og 13 ledige. Dersom du har spørsmål om andre område eller tomter, er du velkomen til å ta kontakt.
Kommunen kan gi ut informasjon som er offentleg tilgjengeleg, til dømes reguleringsplanar, arealstatus, eigedomsgrenser, byggjeavgrensingar, offentlege vedtak, og annan plan- og kartinformasjon. Opplysningar som er av privat karakter, eller som er verna av teieplikt, kan kommunen ikkje gi ut.
Lyst til å vite meir?
Ta kontakt med Mina Målsnes, eigedomsforvaltar i Sogndal kommune. Ho svarar gjerne på små og store spørsmål.
E-post: Mina.Malsnes@sogndal.kommune.no
E-post alternativ: eigedom@sogndal.kommune.no
Telefon: 976 45 018
Me gler oss til å høyre frå deg!
Arealplan for området:
https://arealplaner.no/sogndal4640/arealplaner/20

(Oversiktbilete kart av område, gul markør viser område tomtane er i).

(Dronebilete av tomten, teikningane er ca. område. Sjå reguleringsplan for nøyaktige mål).