I august 2022 fekk Sogndal kommune sin eigen aktivitetskalender i form av ein app og ei nettside ved namnet «Kva skjer?»

Målet er å utvikle ei teneste som i størst mogeleg grad er teneleg både for eigen organisasjon, frivilligheit og næringsliv i kommunen, samstundes som den er intuitiv og brukarvennleg for innbyggjarane.

Aktivitetskalenderen skal samle alle arrangement og aktivitetar frå både idrett, næringsliv, frivillighet og kultur.

Enkel manual for korleis du opprettar brukarkonto og arrangementa dine (PDF)

Ta gjerne kontakt med oss på e-post.

Hugs å lesa igjennom vilkår for bruk av "Kva skjer?".