Kor mange dagar kan du søka om?
Du kan søka om permisjon frå skulen i inntil to veker (ti skuledagar). Det er opp til skulen å vurdera om ein elev skal få innvilga permisjon. Skulen kan avslå søknaden sjølv om det er forsvarleg for den enkelte eleven å få fri. Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova §2.11.
Inntil 3 dagar
Du kan søka om fri inntil 3 dagar. Ta kontakt med kontaktlærar via Visma Flyt Skule eller appen Min skole.
Inntil 10 dagar
Du kan søka om fri inntil 10 dagar. Ta kontakt med rektor via Visma Flyt Skule.
Permisjon elevar har krav på
Medlemmer av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til permisjon på heilagdagane til trussamfunnet sitt dersom dei søker om permisjon.
Søknadsfrist
Søk i god tid før de ynskjer permisjon, minst tre veker før.
Permisjon i meir enn 10 dagar
Opplæringsloven § 2-11: Permisjon frå den pliktige opplæringa seier følgjande: Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Kommunen har ikkje delegert fullmakt til å innvilga permisjon ut over to veker.
Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det dei føresette som er ansvarlege for undervisinga etter lov og forskrift.
Les meir om dette i vedlagde link: Informasjon om heimeundervisning frå Utdanningsdirektoratet.
Ta kontakt med rektor via Visma Flyt Skule i god tid før planlagt permisjon/utmelding, minst tre veker før.
Elevar som oppheld seg i utlandet i meir enn to veker
Elevar som oppheld seg i utlandet blir skrive ut frå skulen og inn igjen når dei kjem tilbake. Årsaka til dette er at skulen ikkje har ansvar for elevar som oppheld seg i utlandet i meir enn to veker.
Utdanningsdirektoratet har ei eiga side om regelverk for elevar i utlandet.
Ulovleg fråvær
Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova §2-1 siste avsnitt.