Ta kontakt med Innbyggartorget i Sogndal kommunehus for kjøp av P-kort.

  • Løyvet/parkeringkortet gjeld berre for den sona/området løyvet er utskrive for
  • Køyretøyet sitt kjennemerke skal påførast P-kortet (Inntil to stk)
  • Kjøpar av parkeringsløyve får ikkje førerett til parkering dersom det tidvis ikkje er ledig parkeringsplass

Plassering av kortet

P-kortet skal plasserast godt synleg på førarsida i bilen.

Byte av køyretøy

Ved byte av bil må det skrivast ut nytt P-kort. Ta kontakt med Innbyggartorget.

Tap av kort

Tap av kort vert ikkje refundert.