Kvifor avgiftsbasert parkering?
I vedtak om avgiftsbasert parkeringsordning frå 2010 heiter det: «Føremålet med parkeringsordninga er å bidra til utbygging og effektiv utnytting av parkeringsplassane i Sogndal, legge til rette for parkering for brukarane av Sogndal sentrum, ivareta miljøomsyn og utvikle uteområda i Sogndal sentrum.

Dette kan gjerast gjennom å:

  • sikre nok tilgjengelege p-plassar for private og offentlege verksemder og utnytte eksisterande p-plassar betre
  • arbeide for at nye p-plassar vert lagt under bakkenivå eller i p-hus
  • stimulere til auka bruk av sykkel og kollektive transportmiddel
  • legge til rette for ei god drift av p-plassane (lys, vedlikehald og snøbrøyting)
  • informere godt om parkeringsordninga. Dette for å skape forståing for ordninga.»

Historisk sett har parkeringsordninga vorte etablert i to steg. I tida 1998-2002 var det naudsynt å etablere parkeringsplassar og regulere kvar parkering av bilar kunne føregå. Det var for å gjere trafikkbilete meir oversikteleg. Ein såg i ettertid at det førte til to problem,

  1. ​  at berre dei mest attraktive parkeringsplassane vart nytt
  2. ​  at vrakbare køyretøy vart etterlatne på parkeringsplassar

Andre steg er gjennom vedtak om avgiftsbasert parkering i 2010. Då var det sett som naudsynt å stimulere til endra praksis som effektiviserer bruk av parkeringsarealet i Sogndal sentrum. Dette er gjort i hovudsak gjennom å ha ulik pris mellom dei parkeringsplassane som er nærare og lengre unna sentrum.