For at du skal få innvilga parkeringsbevis, er det det ikkje tilstrekkeleg at du har ein sjukdomstilstand som avgrensar forflyttingsevna. Det blir i tillegg kravd at det ordinære parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg til å dekkja søkjaren sitt behov. 

Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede §1: "Formålet med denne forskriften er å gi forflytningshemmede med et reelt behov for parkeringslette et tilgjengelig parkeringstilbud". 

Du må anten søkja som førar eller som passasjer. Har du fått innvilga parkeringskort som førar, kan du ikkje nytta det når du er passasjer. Parkeringskortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre. Dersom du søkjer som førar, må du også leggja ved kopi av gyldig førarkort. 

I søknaden må du koma med opplysningar som grunngjev at du som søkjar har eit særleg behov for parkeringslette. Det vil seia du må beskriva kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadane som du besøkjer ofte, ikkje kan nyttast. I søknadsskjemaet er det teke med ulike forhold me ønsker svar på, og du må tenkja gjennom følgjande:  

  • På kva adresser har du vanskar med å parkera og kor ofte er du der? 
  • Kvifor er det utfordrande å parkera her? 
  • Kva for parkeringsplassar finst her? 
  • Kvifor har du ikkje høve til å nytta dei ordinære parkeringsplassane? 
  • Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpa deg på desse bestemte stadane? 

For å sikra at det berre er søkjarar som har eit reelt behov, som blir tildelt parkeringsløyve, treng me dokumentasjon som viser kor ofte du parkerer i samband med helserelaterte avtalar, til dømes legebesøk. Me treng også dokumentasjon dersom du har andre tungtvegande behov for parkering, til dømes i samband med bustad eller arbeid.   

Bilete:  
Du må leggje ved bilete til søknaden. Bilete kan sendast til tildeling@sogndal.kommune.no

Legeerklæring:  
Tildelingskontoret til kommunen innhentar elektronisk helseopplysningar frå lege når du har sendt inn søknad der du samtykkjer til dette.

Dersom du søkjer som passasjer:
Dersom du søkjer om parkeringsløyve for rørslehemma som passasjer, må det leggjast fram legeattest som syner at du har behov for kontinuerleg tilsyn og/ eller ikkje kan forlatast aleine. Tildelingskontoret kan innhente legeattest etter fullmakt frå søkjar.

Parkeringsløyvet gjev rett til å parkere på 

  • parkeringsplass reservert for forflyttingshemma angitt ved offentleg trafikkskilt  
  • avgiftsbelagt kommunal parkeringsplass utan å betale avgift 
  • parkeringsplass med skilta tidsavgrensing frå 30 minuttar og oppover med inntil dobbel tid (med unntak av skilta tidsavgrensing på særskilt avsett plass for forflyttingshemma med parkeringstillatelse).
  • stader der det er innført bustadsoneparkering 

Parkeringsløyvet gjev ikkje fritak i bomringar og på ferjer automatisk. Tenestemottakar må sjølv kontakte selskapa for å søkje om fritak.

Meir informasjon om tenesta får du om du kontaktar tildelingskontoret
Telefon 40 02 29 70
E:post: tildeling@sogndal.kommune.no

Regelverk
Forskrift om parkeringstillatelse for forflyttingshemmede