Skreve feil i Easypark

Med nye moglegheiter kjem nye problem! Om du har skreve feil registreringsnummer i easypark, eller om du har trykka på feil bil i easypark, så vil du få ein kontrollsanksjon under kontroll.
Dette kan opplevast som urimeleg. Under kontrolltidspunktet er ikkje bilen registrert. Ein kan snu på situasjonen, og seie at ein skal ha forståing for det har førekome ein glipp. Då legg det til rette for at alle bilar som ikkje er registrert eller betalt for kan tolkast til å ha gjort ein feil. Då vert det umogeleg å etterprøve om parkering har førekome etter vilkåra.

Betalte etter at «bota» kom

Under slike tilfelle har kommunen ein streng policy. Om du betalar med easypark eller ved automat vil du truleg sjå parkeringsvakta og slike situasjonar vert avverga. Det me tenker er ei naturleg forklaring under desse klagane er at ein har gått frå parkeringsplassen for så å betale i ettertid. Parkeringsforskrifta spesifiserer at ein skal registrere/betale omgåande etter parkering. Om du nyttar easypark skal betaling førekome når du framleis er ved bilen. Ein har ikkje høve til å forlate parkeringsplassen før registrering har blitt utført.

Måtte veksle fyrst

Ein har ikkje høve til å forlate parkeringsplassen før registrering er utført. Difor har ein heller ikkje ein rett til å veksle til mynt for så å registrere køyretøyet. Bakgrunnen for dette er at ein ikkje har moglegheit for å etterprøve om ein person gjekk for å veksle, eller kjøpe det brødet ein trengte frå butikken. Mynt skal vere mogleg å nytta, og det har vore praksis i lang tid. Difor er det forventa at brukarar veit at mynt er eit betalingsmiddel.

Brukte bilen til sentrum i lunsjen og det var ikkje plass når eg kom tilbake

Dette er ei vanleg grunngjeving når det gjeld Fosshaugane campus. Ein dreg til sentrum på ærend, kjem tilbake etter kort tid og alle parkeringsplassar er opptatt. Ein har ofte framleis ein aktiv parkeringsbillett, og for å kome tilbake på jobb eller undervising parkerer ein utanfor anviste plassar.
I ei kvar parkeringssone i kommunen står det underskilt «Parkering på anviste plassar». Det betyr at du skal parkere innanfor dei kvite linene. Om køyretøyet blir parkert utanfor dei kvite linene er det eit brot på vilkåra og eit brot på skiltparagrafen. Under kontroll vert det gjeve eit parkeringsgebyr. Det er ikkje eit formildande argument at alle dei «anviste plassane» er opptatt.

Såg ikkje noko skilt

Det er sett opp skilt som gjer forbod eller påbod angåande parkering i Sogndal på alle offentlege parkeringsplassar og vegar. Desse skiltplasseringane er søkt om, og godkjent av Vegdirektoratet. Samstundes har du som førar ei undersøkingsplikt når du parkerer i omsyn til §4 i Forskrift om offentleg parkeringsgebyr eller §25 i parkeringsforskrifta. Det vil sei at om du er usikker på om du har parkert etter vilkåra på staden, er du plikta til å undersøke kva vilkåra er.

Fekk ikkje betalt med kort/easypark

I slike situasjonar er det mange som tenkjer at det er greitt å ikkje betale. Det er ikkje korrekt. Bankkort og Easypark er tilleggsalternativ ein kan nytte. Dei er der for brukarar sin del, ikkje for kommunen. Det tvungne innkrevingsmiddelet i Noreg er mynt og seddel. Difor er kommunen pliktig til å gje brukarar kontant som moglegheit. I tilfelle for parkering er det mynt som vert nytta. Det betyr og at om eit tilleggsalternativ ikkje fungerer skal ein nytte mynt. 

Parkering i strid med skiltinga

I Sogndal har me nokre parkeringssoner, samt skilting på parkering forbode. Desse seier at det ikkje er tillata å parkere på staden. Andre tilfelle er om ein parkerer i nærleiken av kryss eller på fotgjengarfelt. §17 i Trafikkloven stadfestar at ein ikkje kan parkere til hinder for andre trafikkantar. Sogndal kommune har eit ansvar med tanke på tilkomst. Ein veit aldri når ein brannbil eller ambulanse må forbi.