I tråd med samfunnsplanen skal unge i Sogndal kommune oppleva å veksa opp som trygge og aktive barn med meistringsglede. Lokalsamfunnet og verda utanom vert stadig meir digitalisert. I det høve treng elevane å opparbeide seg kompetanse til å handtere dei fordelane og utfordringane det inneber. Skulen skal lære elevane å utforske, opparbeida seg kompetanse og vere kritiske til det som møter dei på nett og med ny teknologi. I det høve har skulane òg eit medansvar for å beskytte, og lære barn og unge om skuggesidene dei kan møte på i det digitale samfunnet.

Det er viktig at elevar lærer å nytta digitale verktøy på ein god og trygg måte; til å skapa, og ikkje einsidig konsumera. I Sogndalsskulen lærer elevane korleis dei kan nytte teknologi til å produsera, kommunisera, lese kritisk og arbeida både digitalt og analogt. Barn og unge lærer når og kva det er nyttig å bruka digitale verktøy til, og når dei med fordel kan vere kritiske og legga utstyret vekk.  Digitale verktøy er nyttig for alle elevar, særleg til å støtta elevar med lese, skrive eller språkvanskar

Via sidene i venstremenyen kan du lesa meir om den digitale praksisen i Sogndalsskulen.